Artistar og programinformasjon

VirrVarr  –  tryllekunstner

VirrVarr – tryllekunstner

VirrVarr har drevet med trylling i snart 35 år.  Han skapar ein svært god atmosfære frå scenen og showa hans er veldig artige og engasjerande for alle i salen.

VirrVarr er ein av dei svært få som har underheldt på juletrefesten til det Konglige slott og han var den første tryllekunstner fra Norden som vart tatt ut til å trylla i VM for born (Blackpool, Wintergarden 2012). Trylleshowet som er sett av over 300.000 born til no, får alltid både born og vaksne til å le og kosa seg. 

Laurdag kl. 13.15 i teltet

Dans  med  Åsmund  Åmli  Band  og  Rabbagast

Dans med Åsmund Åmli Band og Rabbagast

«Eg e kåt, eg e galen, eg e frå Setesdalen» er låten Åsmund Åmli Band er mest kjent for. Den låg 11 veker på Norsktoppen, og tre av dei på førsteplass. Bandet har seldt rundt 40000 album, samt blitt streama/lasta ned millionar av gonger i løpet av de 21 åra dei har haldt på. Musikkvideoeane deira har blitt vist utallige gonger på NRK – Svisj/You Tube etc.

Det er likevel live-opptreden bandet er mest kjent for. Åsmund Åmli Band har spelt i dei fleste byar og avkrokar i Norge, og formidla speleglede, engasjement og show som går heim hos dei aller fleste i alle aldrar. Allsangfaktoren er høg når låtar som «Stomp og Vatn (Kåt og Galen)», «Påskerally på riksveg nr. 9» og «Eg e frå bygdinn» blir framført.  Bandets motto er å alltid å setta publikum i høgsetet. 

I tillegg kjem Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik frå Karmøy. Dei utgjer duoen «Rabbagast» og dei har ein eigen evne til å få god kontakt med publikum. Mange husker nok duoen frå Kanaldagane i fjor og året før då dei laga ein fantastisk stemning i teltet.

Dette blir party, dans og stor stemning, så ikkje vent for lenge med å kjøpa billett. Det er avgrensa plass i teltet.

Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Ein må kjøpa eigen billett til dette arrangementet, og det kan ein gjera på tikkio.com eller ved inngongen. Kjøp på førehand gjer rabatt!

NB! Billettsalet startar så snart myndighetene gjer klarsignal for å kunna arrangera Kanaldagar.

Laurdag kl. 20.00 i teltet

2019  –  Dans  med  Gunslingers  og  Rabbagast

2019 – Dans med Gunslingers og Rabbagast

Laurdag 7. september er det klart for skikkeleg trøkk i teltet under Kanaldagane 2019. Då kjem Gunslingers frå Tørvikbygd i Hardanger på besøk. Gunslingers skapar med sitt høge energinivå på konsertane ein uforklarlig kjemi og stemning mellom publikum og band. Musikken fungerar for alle aldrar og i alle kretsar, dei fyller dei største konsertscenanane i byane til store idrettshallar i bygdenorge.  Våren 2018  ga Gunslingers ut albumet «Hardanger» og etter denne har dei dagleg over 40 tusen streams samt over 100 tusen månedlige lyttarar på spotify.

I tillegg kjem Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik frå Karmøy. Dei utgjer duoen «Rabbagast» og dei har ein eigen evne til å få god kontakt med publikum. Mange husker nok duoen frå Kanaldagane i fjor då dei laga ein fantastisk stemning.

Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Dagpass eller helgepass gjer IKKJE tilgong til dette arrangementet. Ein kan også kjøpa billett ved inngongen (om det er fleire igjen). Kjøp på nett gjer 50 kr i avslag.
NB! Teltet har avgrensa plass. Kjøp derfor billett før det er utseldt.

2019  –  Me6

2019 – Me6

Dette er kortreist musikk der lokale musikalske historiar frå Bømlo og livet generelt blir presentert.  Kjente songar som «Minnerom» og «Sommar og svaberg», og meir ukjente som «Sommarkveld ved Olvondo» og «Sakseid bossbrenneri».

Eit band med 6 personer gjer god og fyldig lyd i teltet, og det kan fort bli ein koseleg og fin søndag ettermiddag. 

Bandet består av:

  • Andreas Sødergran – gitar,
  • Frode Kvandal – Bass,
  • Frode Sæverud – tangenter,
  • Jostein Hustvedt – trommer,
  • Unni Hilt – vokal/kor,
  • Kurt Inge Larsen – Vokal/Gitar.

Nokre av songane kan sjekkast ut på Spotify. Søk på «Kurti Larsen».

2019  –  Mugge  og  Bugge

2019 – Mugge og Bugge

Mugge og Bugge er to velkjente komikarar som har ein svært intelligent humor.  Dei har vore på Kanaldagane før, og gjorde den gongen stor suksess. Dei får lattermusklane til å vri seg av glede.

Showet blir omtalt som ein «revykonsert» med ein herleg blanding av musikalske godbiter og slagkraftige sketsjer. Eit humorshow du kjem til å huska lenge og som det er dumt å gå glipp av.

Programinformasjon

 

No Results Found

The page you requested could not be found. Try refining your search, or use the navigation above to locate the post.