«Eg e kåt, eg e galen, eg e frå Setesdalen» er låten Åsmund Åmli Band er mest kjent for. Den låg 11 veker på Norsktoppen, og tre av dei på førsteplass. Bandet har seldt rundt 40000 album, samt blitt streama/lasta ned millionar av gonger i løpet av de 21 åra dei har haldt på. Musikkvideoeane deira har blitt vist utallige gonger på NRK – Svisj/You Tube etc.

Det er likevel live-opptreden bandet er mest kjent for. Åsmund Åmli Band har spelt i dei fleste byar og avkrokar i Norge, og formidla speleglede, engasjement og show som går heim hos dei aller fleste i alle aldrar. Allsangfaktoren er høg når låtar som «Stomp og Vatn (Kåt og Galen)», «Påskerally på riksveg nr. 9» og «Eg e frå bygdinn» blir framført.  Bandets motto er å alltid å setta publikum i høgsetet. 

I tillegg kjem Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik frå Karmøy. Dei utgjer duoen «Rabbagast» og dei har ein eigen evne til å få god kontakt med publikum. Mange husker nok duoen frå Kanaldagane i fjor og året før då dei laga ein fantastisk stemning i teltet.

Dette blir party, dans og stor stemning, så ikkje vent for lenge med å kjøpa billett. Det er avgrensa plass i teltet.

Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Ein må kjøpa eigen billett til dette arrangementet, og det kan ein gjera på tikkio.com eller ved inngongen. Kjøp på førehand gjer rabatt!

NB! Billettsalet startar så snart myndighetene gjer klarsignal for å kunna arrangera Kanaldagar.

Laurdag kl. 20.00 i teltet