Laurdag 7. september er det klart for skikkeleg trøkk i teltet under Kanaldagane 2019. Då kjem Gunslingers frå Tørvikbygd i Hardanger på besøk. Gunslingers skapar med sitt høge energinivå på konsertane ein uforklarlig kjemi og stemning mellom publikum og band. Musikken fungerar for alle aldrar og i alle kretsar, dei fyller dei største konsertscenanane i byane til store idrettshallar i bygdenorge.  Våren 2018  ga Gunslingers ut albumet «Hardanger» og etter denne har dei dagleg over 40 tusen streams samt over 100 tusen månedlige lyttarar på spotify.

I tillegg kjem Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik frå Karmøy. Dei utgjer duoen «Rabbagast» og dei har ein eigen evne til å få god kontakt med publikum. Mange husker nok duoen frå Kanaldagane i fjor då dei laga ein fantastisk stemning.

Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Dagpass eller helgepass gjer IKKJE tilgong til dette arrangementet. Ein kan også kjøpa billett ved inngongen (om det er fleire igjen). Kjøp på nett gjer 50 kr i avslag.
NB! Teltet har avgrensa plass. Kjøp derfor billett før det er utseldt.