Kanaldagane 2020 er dessverre avlyst.  Me hadde i det lengste håpa at utviklinga av Covid-19 skulle gå rett veg og gjort eit arrangement mogleg.  Dessverre har utviklinga den siste tida gått feil veg, og med reglar som max 200 stk og 1 meter avstand er det ikkje mogleg å arrangera Kanaldagane.  Dermed er ein 18 års gamal tradisjon broten, og ein vil i år gå glipp av dei tre festdagane på tidleg haust som så mange av oss ser fram til kvart år.

Me er allereie starta å sjå framover mot neste år der dagane vil gå føre seg 3.-5. september 2021.  Det skulle vore 20-års jubilium, men det jubileet er no utsatt til 2022.

Takk til alle som har vist interesse for dagane i år.  Velkommen til forhåpentlegvis fantastiske dagar i 2021.