top of page

Endringar i årets messe

Me har gjort nokre endringar i årets messe for å skape ei betre oppleving for publikum.


Ei av endringane me har gjort er å flytte utstillingane som tidligare stod langs kanalbreidda og sperra mykje av innsynet til alle dei flotte båtane bort på kaien ved gjestehamna. Årets område er difor større enn tidlegare og går heilt frå den raude hallen der det er innandørs utstillingar, og heilt bort til gjestehamna.


Me har og oppretta fjernparkering på Våge. Det går gratis shuttlebuss mellom Våge og Kuleseidkanalen heile laurdagen.


Innsleppet er endra med separat billettkjøp og veksling til armband slik at køen vert avvikla meir effektivt. Billetten byter du i armband i det blå teltet ved inngangen.


Vegen langsmed bakken er utvida slik at det vert mindre trengsel her.


Håpar du likar endringane me har gjort. Nyt dagen i og ved Kuleseidkanalen.

295 visninger

Commentaires


bottom of page