top of page

Takk for i år

Kanaldagane 2023 er overstått. Utstillarane er reist og festivalteltet er pakka ned. Tilbake ligg Kuleseidkanalen like idyllisk og vakker som alltid.


Heile 228 meter med utstilling var å finne langs kanalen denne helga. Rundt 3000 besøkande, rekordbesøk på fredagsdansen og utsolgt på laurdagsdansen vart fasiten.


Det går med omtrent 1000 dugnadstimar for å arrangere Kanaldagane. Rundt 600 av desse vert utført under sjølve arrangementet. I tillegg kjem innleigde sikringsvakter frå PSS Securitas og førstehjelp frå Bømlo Røde Kors.


Visste du forresten at heile overskotet frå Kanaldagane vert fordelt til dei frivillige laga som er med å arrangerer Kanaldagane? Sjølv om Kanaldagane kun er ei helg i året er det difor eit viktig arrangement som bidreg til det frivillige organisasjonslivet rundt oss, året rundt.


Me seier oss særs nøgde med årets arrangement og vil takke alle som tok turen, alle utstillarane og ikkje minst alle frivillige som stiller opp år etter år.


I karusellen under finn du eit knippe bilete frå årets arrangement


Me sjåast til neste år!




709 visninger

Comments


bottom of page