Kanaldagane 2024 er kommen til vegs ende.
Bobledisco for dei minste
Me rettar ei stor takk til publikum som tok turen til oss. Rundt 3500 besøkande vitja Kanaldagane i løpet av dei tre dagane og kveldane arrangementet varte.
Laurdag kveld var heile 669 personar samla i teltet for å oppleve Ingenting og Splint.
Me håpar årets arrangement fall i smak og at ein allereie no gledar seg til neste år.
Også i år klarte me å bemanne vaktplanen vår med alle dei oppsatte 845 timane fordelt på 259 ulike vakter. Ei enormt stor takk til alle frivillige, både dei som er med år etter år, og dei som var med for første gong. Utan dåke kunne me ikkje arrangert Kanaldagane. Overskotet frå arrangementet går som vanleg tilbake til laga og organisasjonane som dei frivillige representerer og bidreg til å skape aktivitet for små og store gjennom heile året.
Takk til utstillarane som var med å gjere arrangementet til ei minnerik helg.
Alle som sit i styringsgruppa til Kanaldagane fortjener og ei stor takk. Eit år med planlegging, møtevirksomhet og organisering vert avslutta med ei helg der det arbeidast frå tidlig morgen til langt ut på natta. Ein enorm innsats vert lagt ned for å lose arrangementet i hamn.
Riggegruppa er allereie i gang med å plukke ned utstyr, dette vil føregå også dei neste kveldane. Når det er gjort skal styringsgruppa ta ein velfortjent kvil nokre dagar før ein samlast for evaluering og startar planlegginga for Kanaldagane 2025.
Me sjåast i og rundt Kuleseidkanalen til neste år!
Comments