top of page

Billettar - Spørsmål og svar

Oppdatert: 25. sep. 2022

  1. Korleis kjøper eg billett til Kanaldagane? Svar: Messepass kjøper du i billettbua ved inngongen. Du finn prislista på nettsida. Kveldsarrangementa har separate billettar med førehandssalg på nett. Du kan og kjøpe billett til kveldsarrangement ved inngongen etter at arrangementet er starta, men ver merksam på begrensa plass og at det dermed kan bli utsolgt.

  2. Eg har kjøpt plass til båt/bubil/telt hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn. Inkluderer dette inngong til Kanaldagane sitt messeområde? Svar: Nei, du må kjøpe messepass til Kanaldagane i tillegg til overnattinga hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn.

  3. Eg har kjøpt helgepass. Kjem eg inn på kveldsarrangementa med dette? Svar: Nei, kveldsarrangementa har eigne billettar. Merk at både Kanaldagane og Kulleseidkanalen Gjestehamn har kveldsarrangement med separate billettar.

  4. Eg har kjøpt billett til Kanaldagane sitt kveldsarrangement. Kjem eg inn på arrangementet til Kulleseidkanalen Gjestehamn med dette? Svar: Nei, Kanaldagane og Kulleseidkanalen Gjestehamn har separate arrangement som krev kvar sin billett.

  5. Eg er fylgje for ein funksjonsnedsett person. Må eg kjøpe eigen billett for å komme inn på messeområdet? Svar: Nei, om du har fylgjeprov treng du ikkje eigen billett, men må registrere deg som besøkande i billettbua.

100 visninger
bottom of page