top of page
IMG_6320.JPG

SØK

49 elementer funnet for «»

Andre sider (17)

  • Billettar | Kanaldagane

    BILLETTAR For å komme inn på messeområdet må du ha messepass, arrangørpass eller utstillarpass. Ver merksam på at kveldsarrangementa ikkje er inkludert i nokon av desse passa. ​ Messepass kjøper du ved inngongen. Dette gjer deg tilgong til messeområdet i heile opningstida. Kveldsarrangementa krev eigen billett og er ikkje inkludert i nokon av dei andre passa. Kveldsarrangementa har førehandssalg på nett. Dersom det er ledige billettar ved arrangementstart kan ein kjøpe desse ved inngongen eller på nett. Messepass Born 0-5 år Gratis Helgepass born 6-15 år Kr 150 Helgepass vaksen Kr 300 Dagspass vaksen Kr 150 Dagspass born 7-15 år Kr 80 Følgjeperson med følgjeprov Gratis Hoppeslott Gratis Arrangement som ikkje er inkludert i messepass Fredag Kurt Johansen + Kystsonglaget Festivalteltet Kjøp Billett Fredag Marius og Farius Trio Restauranten Kjøp Billett Lørdag Ingenting + Splint Festivalteltet Kjøp Billett Lørdag Marius og Farius Trio Restauranten Kjøp Billett Med attarhald om eventuelle endringar.

  • Program | Kanaldagane

    PROGRAM Kanaldagane har eit rikhaldig program for både store og små. Bla nedover eller trykk på den dagen du ynskjer å sjå. Kveldsarrangement med eigen billettknapp er ikkje inkludert i messepass. Her må du kjøpe separat billett. Fredag Laurdag Sundag Fredag 16:30 Messeområdet opnar ​ 19:00 Messeområdet stenger ​ 21:00 Kurt Johansen + Kystsonglaget Festivalteltet Kjøp billett 21:00 Marius og Farius Trio Restauranten Kjøp billett Laurdag 10:00 Messeområdet opnar ​ 18:00 Messeområdet stenger ​ 20:00 Ingenting + Splint Festivalteltet Kjøp billett 21:00 Marius og Farius Trio Restauranten Kjøp billett Sundag 10:00 Messeområdet opnar ​ 17:00 Messeområdet stenger ​ Med attarhald om eventuelle endringar.

  • Utstillarar | Kanaldagane

    UTSTILLARAR Ei mengde varierande utstillarar er å finne hjå Kanaldagane. Her er salsboder, demonstrasjonar, informasjon, matservering, veteranbåtar og anna. Utstillarar Veteranbåtar Utstillarar Veteranbåtar Med attarhald om eventuelle endringar.

Vis alle

Innlegg (32)

  • Ny varehenger

    Skal Kanaldagane byrje i transportbransjen? For kva i all verden driv alle folka i Kanaldagane med resten av året? Kanaldagane vert drive av 6 frivillige organisasjonar med tilknytning til bygda. Når me ikkje arrangerer Kanaldagane driv me med dykking, korps, fotball, fiskefestival, barneaktivitetar, andakt og mykje anna. Overskotet frå Kanaldagane går kvart år tilbake til desse 6 organisasjonane og er eit viktig bidrag til det frivillige arbeidet i bygda. Me skal nok halde oss til å drive salgs- og underhaldningsmesse i og ved Kuleseidkanalen som før. Det er store mengder utstyr som skal på plass, og ikkje minst lagrast kvart år. Det er telt, fordelingssentralar, kablar, koppar, tallerkar, sambandasutstyr og mykje anna. Til no har dette vore lagra litt rundt omring i naust og loft og andre plassar. Med god økonomisk stønad frå Sparebanken Vest har me investert i ein nesten ny skaphengar som me skal nytte til å lagre utstyr i, samt enkelt få dette på plass under rigging, og vekk igjen når me riggar ned. Dette vil gjere det litt enklare for alle våre frivillige som deltar på rigging.

  • Inge Halstensen

    Halstensen er kjent for mange som samfunnsbyggar, fiskar, skipsreiar, lærar og politikar. Halstensen har engasjert seg som forvalter av handelsstaden Bekkjarvik og for bevaring av kystkulturen. Han vart i 2013 utnevnt til æresmedlem av Norges Fiskarlag, og fekk i 2018 tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt virke. Under Kanaldagane 2024 vil Halstensen halde foredrag om fiske i nyare tid og framtidsutsiktene for fiskeri i Norge.

  • Åsmund Nesse

    Åsmund Nesse er ein artist som skriv songar på kav bømlamål. Han har gitt ut to album, Lysning (2015), og Viser frå Vesterland (2017). For tida er visesongaren i godt driv med å skriva nye låtar til sitt tredje album, og fleire av desse er allereie slopne ut som singlar. Det er bra med spenn i den musikalske bogen til Nesse, frå dei vare og inderlege viser, til dei meir fyrige med driv. På det lyriske plan; skjemt og alvor i ei salig blanding. Åsmund gler seg til å opptre under Kanaldagane 2024

Vis alle
bottom of page