top of page

Ausekarane

Humor, Vestlandsk kystkultur, Johannes Kleppevik... det er ikkje få ord som dukkar opp når ein tenker på Ausekarane. Det som er sikkert er at dette er show, moro, musikk og underhaldning som treff på heimebane hjå dei aller fleste.

Ideen til dette prosjektet fekk Tor Endresen i 2003 etter eit nesten livslangt forhold til både mennesket Johannes Kleppevik og musikken han. Tor fekk mellom anna gjennom denne kontakten eit sterkt og nært forhold til Vestlandsk kystkultur. Han kontakta så Bjørn Jensen – som omgåande tende på ideen. Med bandet Ausekarane har duoen sett sitt preg på, og omarrangert både kjende og mindre kjende melodiar frå det rikhaldige repertoar etter ’trubaduren til kysten’.


Dei har gjort med Kleppeviks musikk mykje av det same som Bruce Springsteen gjorde med eit utval av Pete Seegers viser, med prosjektet ”Seeger Sessions”.


Ausekarane treff du under Kanaldagane 2025, i festivalteltet laurdag kveld.




Comments


bottom of page