Så er Kanaldagane 2026 ved vegs ende. Billettluka er stengt, Hoppeslotta er tatt ned, utstillarane pakkar isamen og snart er Kulleseidkanalen tilbake i sin vante rytme. Det er ikkje fritt for at styringsgruppa var ekstra spent på kor mange som ville ta turen til arrangementet vårt denne helga. Sjølv med god kontakt med entreprenøren og god plan på parkering forventa me at mange vegra seg for å ta turen grunna det omfattande vegarbeidet i området. Til neste år skal alle få kjø
Me er godt i gong med rigging til årest arrangement. I tillegg til masse god underhaldning i festivalteltet både dag og kveld, har me eit stort og variert utval av utstillere. Er du skikkelig ivrig kan du faktisk komme heim med ny kran til kaien, bubil til ferien, solceller på taket, nye plissegardiner til stova, splitters nye strikkelubber, fleire glas honning og ein kjempestor sommerfugl malt i ansiktet. Svulten treng du heller ikkje bli denne helga. Me gledar oss til å tre
Bømlo Soulchildren byr på konserten "Lyden av Finnås" under Kanaldagane 2026. Konserten femner breitt i både repertoar og alder. Bømlo Soulchildren og bandet deira leier an i ei framsyning der du òg får høyre Ronja Eriksen-Ytrøy Oldereide og Lene Fylkesnes Nesse på song. Anja G. Stavland spelar trompet, medan songduoen Marit-Helene Dahl og Stian Larsen deltek med song og gitar. Bandet Halvt i live – som består av Henrik Djuvik Kvandal, Lars Sæverud, Bjørn André Bjørklund, Sju