
SØK
Search this site
86 resultater funnet med et tomt søk
Andre sider (21)
- Utstillarar | Kanaldagane
Årets utstillarar på Kanaldagane UTSTILLARAR Ei mengde varierande utstillarar er å finne hjå Kanaldagane. Her er salsboder, demonstrasjonar, informasjon, matservering, veteranbåtar og anna. Utstillarar Veteranbåtar Utstillarar Filtrer etter kategori Demonstrasjon Informasjon Matservering Salg Salg Alpnaering Bord og stol Matservering Bollywood collection service We have a fire extinguisher in the food truck. Informasjon Bømlo SV Politisk parti Salg Duppeditt butikken Salg av leker og smykker, hjemmelaget armbånd osv. Demonstrasjon Endring til betre helse Demonstrasjon av eit medisinsk utstyr for både mennesker og dyr. Bemer produkter Demonstrasjon, Informasjon Finnås Kraftlag AS Informasjon om kraftlaget, samt internett og tv Salg Guzman Produkshjon gøtery ,leker,caps Salg Helge Ingvaldsen Salg av bilder, egne forfattet bøker og spaser/tur staver laget av einer/brake. Salg Indre Nes Heimabakst Eg treng ikkje noko eletrisk. Salg JOSE GRAMAL Hand lager ull varer og leker til barne Salg Margareth Mostue Salg av nystekte vafler og sveler Salg Oriflame Hudpleieprodukter Salg, Matservering Sikje Småbruk I vår økologiske bod finn du urter, lokalmat, mat/drikke, handmat samt plastfrie kvardagsprodukt. Matservering Smak av Asia Vi skal selge asian smak mat slik som vårruller, steiktnudler, ris, kylling grytte osv.. Salg Sunnhordland Solskjerming AS Solskjerming, og salg av div gaveartikler Informasjon VIPartiet Politisk parti, informasjon Matservering Viking Kebab Matvogn med navn Viking Kebab, serverer primært kebabretter. Salg Bjørns bier Ingen Salg Bømla Garn Handfarga garn, råull, kardaull, ullfeller utan skinn Matservering Bømlo Sportsdykkere Salg Salg Elin Marie Olsen Div dekorasjon innen maritimt, kurvhjerter, hjerteskilt, velkommen skilt, div strikk, sjal Demonstrasjon Ferda Bobil og caravan AS Utstilling av bobiler Salg Fonnasol - Solskjerming & Varmepumper Solskjerming, markiser, varmepumper Demonstrasjon, Informasjon Haugesund Sparebank Info Haugesund Sparebank Salg Håndverk Romero Gualapuro Ull ponchoer , smykkers, barne leker , barne lue , drømmefangere, barne bamse Salg Ingrid Nordhus Bolkan Hekleprodukter Salg Kunst&Moro Eventyrland Ansiksmaling&Glittertattoos, sukkerspinn, små håndverk. Salg, Matservering Nipaporn keawkunya Thai mat, vårruller,Thai gryte,brus, sprøstekt kylling etc Matservering Potetbakeriet Salg av bakt potet fra potetvogn 5,5 m ink. drag. Salg Sildenskiold A.S Eg sel sild og anna sjømat frå eigen produksjon. Eg må ha ryggen mot Sola. Salg SnillBie / SnillBonde Salg av honning, spekemat, bacon, kalvekjøt, fårikålkjøt, skinn.t Matservering The Strand Foodtruck som servere kvalitetshamburgere Matservering Vietnamhouse Stord Bare friert Veteranbåtar Anna MK AARVAK 1930 Kutter Bygd på Hatlestrand 1930 Brukt som fiskebåt fram til 1983 Krysser Solbjørg 1958 Skøyte Njøtholm 1913 Skøyte Kløvningen 1965 Kløvningen har vert på kanaldagene ,mange ganger. Den er bygget i lyngør og er hjemmehørende på Erve i Sveio . Skøyte Moby Dick 1934 Ombygget til motorseiler i 1977 Skøyte Tennfjord 1935 Kutter fra 1935 med 20 hk union motor Skøyte SKJÆLØ 1924 Seilskøyte, galeasrigga. Lengde 36 fot + 2,5 m klyverbom. Deltakar i årevis! Krysser Tronbuen 1963 Med attarhald om eventuelle endringar.
- Program | Kanaldagane
Årets program PROGRAM Kanaldagane har eit rikhaldig program for både store og små. Bla nedover eller trykk på den dagen du ynskjer å sjå. Kveldsarrangement med eigen billettknapp er ikkje inkludert i messepass. Her må du kjøpe separat billett. Fredag Laurdag Sundag Fredag 16:30 Messeområdet, Hoppeslott og Kafèen opnar 17:15 Bobledisko for dei minste Festivalteltet 18:00 Barnediskotek 1. - 7. klasse Festivalteltet 19:00 Messeområdet og Kafèen stenger Laurdag 10:00 Messeområdet, Hoppeslott og Kafèen opnar 10:15 Eliasbåten kjører I kanalen 11:30 Våge Skulemusikklag spelar Festivalteltet 11:45 Opning v/ Ragnfrid Sønstabø Festivalteltet 12:15 Foredrag: Ei anna tid - Frå søndagsskule til dynamitt Gjestehamna 13:15 Familieshow: PK Rocker verdensrommet Festivalteltet 15:00 Konsert med Hilde Selvikvåg Festivalteltet 18:00 Messeområdet og Kafèen stenger 20:00 Konsert med Stage Dolls, Vestaramp og JoJo (eigen billett) Festivalteltet 20:00 Stage Dolls på Kanaldagane Festivalteltet Kjøp billett Sundag 10:00 Messeområdet og Hoppeslott opnar 11:00 Kafèen opnar Festivalteltet 11:00 Gudsteneste Festivalteltet 12:00 Eliasbåten kjører I kanalen 12:30 Konsert med Bømlo Soulchildren Festivalteltet 15:00 Familieshow: Thoris Supergutt Festivalteltet 17:00 Messeområdet og Kafèen stenger Med attarhald om eventuelle endringar.
- Sponsorar | Kanaldagane
Kanaldagane sine sponsorar SPONSORAR Sponsorane våre er viktige bidragsyterar for at me skal klare å arrangere Kanaldagane. Dersom sponsoren har oppgitt nettsida si til oss kan du gå direkte til denne ved å trykke på sponsornamnet. Finnås Auto AS Sjøfartsdirektoratet Finnås Kraftlag AS VVS Bømlo AS Ragn-Sells AS Aker Solutions Stord Bremnes Seashore AS Helge C Larsen AS Sakseide Gartneri Alsaker Fjordbruk AS Daco Mekaniske AS MultiSafe AS Benchmark Genetics Norway AS Grønnevik Transport AS Norgeshus Mesterhus Sunnhordland Bil & Motorservice AS HSD Senterforening AS Norvald Inge Fylkesnes
Innlegg (65)
- Takk for i år!
Så er Kanaldagane 2026 ved vegs ende. Billettluka er stengt, Hoppeslotta er tatt ned, utstillarane pakkar isamen og snart er Kulleseidkanalen tilbake i sin vante rytme. Det er ikkje fritt for at styringsgruppa var ekstra spent på kor mange som ville ta turen til arrangementet vårt denne helga. Sjølv med god kontakt med entreprenøren og god plan på parkering forventa me at mange vegra seg for å ta turen grunna det omfattande vegarbeidet i området. Til neste år skal alle få kjøre tofelts veg heilt fram. Me kan vel heller ikkje påstå at værmeldingane gav oss mykje gratisreklame, men det har heldigvis gått overraskande godt. 3104 besøkande vart registrert denne helga. Ingen rekord, men me seier oss nøgde under dei omstendighetane som var. Frivillige er allereie godt i gong med nedrigg. Når dei siste støvkorna vert kosta vekk etter oss på mandag har frivillige frå lag og organisasjonar lagt ned 667 timar arbeid frå torsdag til mandag. 124 personar har bemanna 205 ulike vaktpostar. Medrekna teknisk lag og styringsgruppa sitt arbeide gjennom heile året reknar me difor med at rundt 1000 dugnadstimar er gått med når me skyt opp nyttårsrakettane og feirar overgongen til 2027. Årets Kanaldagar har hatt eit rikhaldig program med bobledisko for dei aller minste, barnedisko og tradisjonelle aktivitetar som hoppeslott og Eliasbåt. Laurdag spela Våge skulemusikklag før Ragnfrid Sønstabø opna arrangementet. Deretter heldt Ola Ersland eit fengande foredrag i gjestehamna før PK Rocker kjørte eit fartsfullt familieshow i festivalteltet. Konsert med Hilde Selvikvåg fenga også eit fullt festivaltelt. Etter berre nokre få timar omrigging opna me dørene til storstillt konsert med Stage Dolls, Vestaramp og JoJo. Søndagen starta tradisjonellt med at presten vart rodd til gudsteneste. Også denne samla mykje folk. Under musikalsk leiing av Øystein Lund Olafsen fekk me ei minnerik forestilling der me fekk høyre Bømlo soulchildren og bandet deira, song av Ronja Eriksen-Ytrøy Oldereide og Lene Fylkesnes Nesse, og me fekk høyre Anja G. Stavland på trompet, medan songduoen Marit-Helene Dahl og Stian Larsen deltok med song og gitar. I tillegg fekk me høyra bandet Halvt i live – som består av Henrik Djuvik Kvandal, Lars Sæverud, Bjørn André Bjørklund, Sjur Staveland Sæther og Hans Olav Molde. Årets siste familieshow med Thoris Supergutt gjekk av stabelen kl 15:00 og satte punktum for underhaldninga i år. Tusen takk til alle som tok turen til Kuleseidkanalen denne helga. Ei spesiell takk til alle frivillige som stiller opp. Takk til styringsgruppa som bruker heile året på planlegging, og arbeider nesten døgnet på tamp medan det står på. No skal me rydde opp, gjere opp status, evaluere årets arrangement før me gir på med friskt mot og startar planlegging av Kanaldagane 2027. Me sjåast igjen 3. - 5. september 2027. Sett av datoen.
- Utstillere 2026
Me er godt i gong med rigging til årest arrangement. I tillegg til masse god underhaldning i festivalteltet både dag og kveld, har me eit stort og variert utval av utstillere. Er du skikkelig ivrig kan du faktisk komme heim med ny kran til kaien, bubil til ferien, solceller på taket, nye plissegardiner til stova, splitters nye strikkelubber, fleire glas honning og ein kjempestor sommerfugl malt i ansiktet. Svulten treng du heller ikkje bli denne helga. Me gledar oss til å treffe deg på Kanaldagane 2026!
- Thoris Supergutt kjem til Kanaldagane!
Klar for 20-årsjubileum og ellevill moro? Thoris Supergutt kjem til Kanaldagane! Gjer dykk klare til å hoppa, syngja, dansa og le når Thoris Supergutt inviterer heile familien til fest i festivalteltet søndag 6. september klokka 15:00! Er du klar for eit fartsfylt show fylt med masse energi og smittande glede? Thor Erling Gulbrandsen har i rolla som Thoris Supergutt laga show og konsertar for barn i alle aldrar i snart 20 år, og har opptredd for nesten ein halv million menneske. I år feirar han dette store 20-årsjubileet, og tek med seg det rykande ferske jubileumsshowet sitt til oss: «Det very beste av det aller beste». Målet til Thoris er enkelt: Han ønskjer at publikum skal bli gladare, og han inviterer alle med på leken og dansen. Bilete: Intromusic Kva kan du venta deg? Dette blir eit fartsfylt show der heile familien vil fryda seg. Thoris vekslar mellom elleville slapstick-stunt, positive bodskap og fengjande låtar som får alle med på notane. Publikum får oppleva: Dei beste sangane og dei mest morosame sketsjane frå ein 20 år lang karriere. Vågale stunt og elleville påfunn som garantert får fram latteren. Masse song, dans og leik der barna sjølve får vera aktive deltakarar. Eit herleg motto: Som Thoris sjølv seier det: «Å gå på trynet er jo bra, viss det kan gjere andre gla». Glade menneske gjer glade ting! Dette er eit inkluderande og morosamt show som treffer både store og små midt i hjartet. Dette tør du rett og slett ikkje å gå glipp av! Praktisk informasjon Kvar: Festivalteltet Når: Søndag 7. september kl. 15:00 Passar for: Barn i alle aldrar og resten av familien! Ta med deg heile familien og avslutt festivalhelga i Kuleseidkanalen med eit skikkeleg energikick og ein god latter!



