IMG_6285.JPG

REGLAR OG VILKÅR

for utstillarar

Kanaldagane skal vere ei allsidig og variert messe, både av hensyn til utstillarane og dei besøkande. Ved å sende inn søknad om utstillarplass stadfestar du at du kjenner til og rettar deg etter Kanaldagane sine Reglar og Vilkår.

Generelle reglar

  • Ansvarleg kontaktperson skal syte for at alle som arbeider på utstillinga er gjort kjent med dei reglar og vilkår som gjeld for Kanaldagane.

  • Det er ikkje høve til framleige av utstillingsplass.

  • Dersom ikkje anna er avtalt, skal utstillinga vere open så lenge messeområdet er ope. Sjå publisert program for klokkeslett for dei enkelte dagane.

  • Alle som arbeidar på utstillinga skal bære utstillarpasset godt synleg både når ein oppheld seg på eiga utstilling og ellers på messeområdet.

  • Plakatar og anna reklame skal ikkje settast opp utanfor eige utstillingsområde.

Utstillinga

  • Utstillinga skal vere forsvarleg sikra.

  • Telt, vogn (inkl. drag), bil etc. må få plass innafor måla på utstillinga. Dette gjeld og lodd, barduner og anna som er naudsynt for å sikre utstillinga.

  • Utstillar skal halde utstillinga ryddig og fritt for avfall.

  • Bruk av høgtalarar / lyd-anlegg er ikkje tillatt utan særskilt avtale med Kanaldagane. Ta omsyn til naboutstillingane med tanke på støy og anna frå motorar og liknande.

Merknad

Sundag frå kl 11:00 til 12:00 føregår det gudsteneste i messeteltet. Alle utstillingane kan halda ope som vanleg, men me bed om at ein unngår støy (eksempelvis demonstrasjon av motorar) så lenge gudstenesta føregår.

Ansvar

  • Utstillarane skal følgje norske lovar og aldersgrenser.

  • Kanaldagane dekker ikkje tap eller tilbakebetaling av utlegg i samband med forhold som ligg utanfor Kanaldagane sin kontroll; til dømes vêr, tredjemanns- og leverandørar sine handlingar, force majeure o.l. Det kan ikkje krevjast erstatning for indirekte tap.

  • Kanaldagane dekker ikkje tap i samband med tjuveri, skadeverk, sabotasje o.l.

  • Utstillar er ansvarleg for at naudsynt brannslukkingsutstyr er tilgjengeleg.

Sal

  • Utstillarar skal fylgje alle gjeldande norske lover.

  • Ved sal av lodd o.l. er utstillar sjølv ansvarleg for naudsynt løyve til dette.

  • Det er ikkje lov å selje varer som kan vera til sjenanse for andre eller lett medfører forsøpling. Herunder, men ikkje begrensa til:

    • Softgun, fjær-/luftvåpen, kastestjerner, sverd, kinaputtar, springknivar eller våpenliknande gjenstander.​

    • Gassballongar.

    • Sprayboksar.

    • Varer som kan medføra helsefare.

    • Varer som stridar mot norsk lovverk.

Avbestilling

  • Frist for avbestilling av tildelt utstillarplass er 31. juni.

  • Ved avbestilling etter 31. juni må tildelt plass betalast i sin heilhet.

Sanksjonar

  • Ved brot på Kanaldagane sine reglar og vilkår kan utstillar bli vist vekk frå plassen. I slike tilfeller vil utstillar ikkje få refundert leigepris for utstillinga eller andre utlegg.