top of page

Endringar Kanaldagane 2024

I år prøver me oss på noko nytt. Så langt det lar seg gjere vil me ikkje ha utstillingar yttst langs kanalkanten, slik at alle dei flotte skøytene som besøker oss kjem betre fram.



Me utvidar vegen langs bakken for å lage meir plass (og mindre trengsel) og me får nytte kaien til gjestehamna til utstillingar. Med dette får me spreidd Kanaldagane over eit større område, og forhåpentlegvis vert det enklare for alle å ta seg fram på messa.


Me arbeider og med løysingar for å betre parkeringstilhøva. Dette vil me informere om litt seinare.


Heimesida vår er alltid oppdatert med båtar som er bekrefta å vitje oss, desse finn du i menyen utstillarar.



1 219 visninger
bottom of page