Klar for tidenes rockefest på Kanaldagane?
- for 1 døgn siden
- 1 min lesing
Me har gleda av å presentere ingen ringare enn legendene i Stage Dolls til Kanaldagane 2026!

Sidan 1983 har Torstein Flakne og gjengen vore sjølve definisjonen på norsk kvalitetsrock. No kjem dei til Kulleseidkanalen for å fylle laurdagskvelden med magi, energi og dei største hitsa gjennom fire tiår.
Har du ikkje sikra deg plass enno? Då er det på tide å vakne! Sjå føre deg 750 menneske som syng med for full hals til udødelege klassikarar som:
✨ «Love Don’t Bother Me»
✨ «Hard to Say Goodbye»
✨ «Soldier’s Gun»
✨ «Still in Love»
Dette blir ein kveld for minneboka der tunge gitarriff møter dei mjukaste balladane. Stage Dolls er i toppform, og stemninga på Kanaldagane kjem til å få festivalteltet til å bule!
🎟 Ver rask – billettsalet er i gong!
Sikre deg din billett no, og bli med på årets største rockehending på Bømlo.
Me sjåast på Kanaldagane 2026!

Kommentarer