top of page

Kurt M. Johansen

Kurt M. Johansen har ei lang karriere bak seg som soloartist og showmann på Haugalandet og nasjonalt. Han er vide kjend for rollefigurar og parodiar av kjentfolk frå fjern og nær og kan sjå tilbake på meir enn 30 år som artist. Som soloartist, primus motor i Synth å le og 10 år med 3 Busserulls.



Kurt kjem opphavleg frå Kvalavåg, men har dei siste 30 åra budde i Skudeneshavn i Karmøy kommune.


Kurt M. Johansen opptrer med ulike tema innan standup, innøvde karakterar, parodiar og kjendis-imitasjonar. Alt blir presentert med gjenkjenneleg humoristiske og ironiske vendingar som begeistrar og skaper topp stemning.


Kurt har lang erfaring etter tallause turnear over heile landet, offshore og på Svalbard. Han har ved fleire høve hatt oppdrag i utlandet, pluss innslag i TV2 og i NRK. Kurt har og jobba saman med artistar som Jon Skolmen, Per Inge Torkelsen, Kenneth Sivertsen, Dag Schreiner, Steinar Lyse, Kristian Valen, Kari Svendsen, Mia Gundersen, Rune Bjerga, Lasse Pedersen og mange andre kjende og ukjende artistar.


Kurt M. Johansen kjem til Kanaldagane 2024. Sjå fram til ei humoristisk aftan med standup, parodier og gode historiar.

196 visninger

Comments


Commenting has been turned off.
bottom of page