top of page

Me er i gong!

Kanaldagane 2024 er i gong.



Vèret har tørka opp, metorologane lovar lettskya fint vèr gjennom heile helga, ja til og med periodar med skyfri himmel, utstillarane er på plass og me er klare for å ta imot publikum.


Me har 39 ulike utstillarar på messa, og 10 flotte veteranbåtar ligg fortøyd langs kanalbreidda. Me har show, underhalding, konsertar og gudsteneste på menyen. Her finn du noko både for dei minste, dei mellomste og dei største.


Våre 149 frivillige skal utføre 845 timar arbeid fordelt på 259 ulike vakter. Dette i tillegg til styringsgruppa som har planlagt arrangementet heilt sidan oktober i fjor, og som jobbar bortimot dag og natt gjennom helga for å halde flyt på billettar, betaling, straumtilførsel, standplassering, veteranbåtar, parkering og alt anna som må til for at arrangementet skal bli vellykka. På toppen kjem innleigde sanitetsvakter og sikkerhetsvakter.


Kanaldagane vert drive av 6 frivillige lag og organisasjonar. Heile overskotet frå Kanaldagane går tilbake til desse og er eit viktig bidrag for at desse kan skape aktivitet for born og vaksne gjennom heile året.


I kveld kan du oppleve show og dans med den originale duoen til Synth å Le. Me har masse plass og er klare for å treffe deg i kveld. Har du enno ikkje kjøpt billett på nett er det og mogleg å gjere dette i billettbua eller i inngongen.


Laurdag har me masse fint på programmet. Sjekk det ut på nettsida. I morgon kveld møter me Ingenting i festivalteltet. Her byrjar det så smått å minke på billettane så ikkje vent for lenge om du vil sikre deg.


Søndag startar me med gudsteneste, før det vert fleire flotte konsertar å oppleve.


Hjertelig velkommen til Kanaldagane 2024!

390 visninger

Comments


bottom of page