Morten Samuelsen
- Kanaldagane
- 16. mai
- 1 min lesing
Med den særeigne varmen i stemma og ei unik formidlingsevne har Morten Samuelsen nådd mange hjarte med songen sin. Han har sunge sidan han var 8 år og har fleire ulike CD-produksjonar bak seg både i grupper og som solist.

I 2011 kom han ut med sin første solo-CD med bla fleire kjende klassiske songar. Albumet "Til Trøst" kom ut i september 2019. Hans siste album "Med heile sjelå" kom ut juli 2021, med sjølvskrivne songar. I 2023 gav Morten ut 2 nye singlar og i 2024 har han gitt ut ein ny singel. Morten har i fleire år arrangert sine eigne konsertar, vore med på musikalar og delteke på ulike arrangement og konferansar.
Våren 2015 deltok han i Norske Talenter og framførte bla songen Bring Him Home som rørte eit heilt Noreg. Våren 2016 var han med ei gruppe frå Stavanger Symfoniorkester på fleire konsertar rundt i Rogaland. Han har bla.a musikarar frå Stavanger Symfoniorkester med seg på albumet Til Trøst.
Morten Samuelsen høyrer du under Kanaldagane 2025, søndag kl 12:30 i festivalteltet.
Comments