top of page

Ny varehenger

Skal Kanaldagane byrje i transportbransjen?


For kva i all verden driv alle folka i Kanaldagane med resten av året? Kanaldagane vert drive av 6 frivillige organisasjonar med tilknytning til bygda. Når me ikkje arrangerer Kanaldagane driv me med dykking, korps, fotball, fiskefestival, barneaktivitetar, andakt og mykje anna. Overskotet frå Kanaldagane går kvart år tilbake til desse 6 organisasjonane og er eit viktig bidrag til det frivillige arbeidet i bygda.


Me skal nok halde oss til å drive salgs- og underhaldningsmesse i og ved Kuleseidkanalen som før.


Det er store mengder utstyr som skal på plass, og ikkje minst lagrast kvart år. Det er telt, fordelingssentralar, kablar, koppar, tallerkar, sambandasutstyr og mykje anna. Til no har dette vore lagra litt rundt omring i naust og loft og andre plassar.


Med god økonomisk stønad frå Sparebanken Vest har me investert i ein nesten ny skaphengar som me skal nytte til å lagre utstyr i, samt enkelt få dette på plass under rigging, og vekk igjen når me riggar ned. Dette vil gjere det litt enklare for alle våre frivillige som deltar på rigging.




117 visninger
bottom of page