Sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide opnar Kanaldagane 2023

Hareide er fødd og oppvaksen på Rubbestadneset. Han er utdanna siviløkonom frå NHH og har grunnfag i sosiologi frå Universitetet i Bergen. Etter studiane fekk han ei praktikantstilling hjå Schibsted. Mellom periodane med politiske fulltidsverv har han arbeida som forretningsutviklar, prosjektleiar og organisasjonsdirektør i Schibsted.
Etter ein lang politisk karriere byrja Hareide som Sjøfartsdirektør i januar 2022
Sjøfartsdirektøren står for den offisielle opninga av dei nittande Kanaldagane laurdag 2. september kl 11:45.