top of page

Splint

Bandet er kjenneteikna som bandet med det gode humøret og det allsidige repetoaret, kor det å skape god stemning blant publikum er ei sjølvfølgje.



Splint er eit band som dei siste åra har turnert heftig og fått svært rosande omtalar. Bandet har dei siste åra spelt på mange store festivalar, og har eit repetoar av både country, dans og allsong. Alle som har hatt gleda av å oppleve Splint veit kva dei er gode for og gutane i Splint er kjent for å gje 100% kvar gong dei står på scena.


Splint vart etablert i 2012 og består av dyktige musikarar som saman og kvar for seg har long erfaring frå andre band, studioprosjekt og som backing frå andre artistar.


Splint kjem til Kanaldagane 2024 og spelar som supportband for Ingenting på laurdagskvelden.



84 visninger
bottom of page