top of page

Takk for i år

Nok ein gong er Kanaldagane gjennomført, i år for 21. gong sidan oppstarten i 2002.


Med strålande sol gjennom heile helga kan me ikkje anna enn å sei oss godt nøgd med årets arrangement. 3620 registrere besøkande var innom i løpet av helga. Takk til alle som tok turen til oss.


137 frivillige arbeida 752 timar i løpet av helga. Tusen takk til alle som ein for bidraget til å skape eit vellykka arrangement. Me har lov å vere stolte over oss sjølv og det me får til.


No skal me rigge ned og deretter trekke pusten ei lita veke før me går igong med å planlegge Kanaldagane 2026.


Takk til alle sponsorane våre, alle dei vèl 40 utstillarane og ikkje minst alle veteranbåtane som bidreg til å skape eit arrangement som fengjer både store og små.


ree


 
 
 

Kommentarer


bottom of page