Takk for i år!
- for 1 døgn siden
- 2 min lesing
Så er Kanaldagane 2026 ved vegs ende. Billettluka er stengt, Hoppeslotta er tatt ned, utstillarane pakkar isamen og snart er Kulleseidkanalen tilbake i sin vante rytme.

Det er ikkje fritt for at styringsgruppa var ekstra spent på kor mange som ville ta turen til arrangementet vårt denne helga. Sjølv med god kontakt med entreprenøren og god plan på parkering forventa me at mange vegra seg for å ta turen grunna det omfattande vegarbeidet i området. Til neste år skal alle få kjøre tofelts veg heilt fram.
Me kan vel heller ikkje påstå at værmeldingane gav oss mykje gratisreklame, men det har heldigvis gått overraskande godt.
3104 besøkande vart registrert denne helga. Ingen rekord, men me seier oss nøgde under dei omstendighetane som var.
Frivillige er allereie godt i gong med nedrigg. Når dei siste støvkorna vert kosta vekk etter oss på mandag har frivillige frå lag og organisasjonar lagt ned 667 timar arbeid frå torsdag til mandag. 124 personar har bemanna 205 ulike vaktpostar. Medrekna teknisk lag og styringsgruppa sitt arbeide gjennom heile året reknar me difor med at rundt 1000 dugnadstimar er gått med når me skyt opp nyttårsrakettane og feirar overgongen til 2027.
Årets Kanaldagar har hatt eit rikhaldig program med bobledisko for dei aller minste, barnedisko og tradisjonelle aktivitetar som hoppeslott og Eliasbåt. Laurdag spela Våge skulemusikklag før Ragnfrid Sønstabø opna arrangementet. Deretter heldt Ola Ersland eit fengande foredrag i gjestehamna før PK Rocker kjørte eit fartsfullt familieshow i festivalteltet. Konsert med Hilde Selvikvåg fenga også eit fullt festivaltelt.
Etter berre nokre få timar omrigging opna me dørene til storstillt konsert med Stage Dolls, Vestaramp og JoJo.
Søndagen starta tradisjonellt med at presten vart rodd til gudsteneste. Også denne samla mykje folk. Under musikalsk leiing av Øystein Lund Olafsen fekk me ei minnerik forestilling der me fekk høyre Bømlo soulchildren og bandet deira, song av Ronja Eriksen-Ytrøy Oldereide og Lene Fylkesnes Nesse, og me fekk høyre Anja G. Stavland på trompet, medan songduoen Marit-Helene Dahl og Stian Larsen deltok med song og gitar. I tillegg fekk me høyra bandet Halvt i live – som består av Henrik Djuvik Kvandal, Lars Sæverud, Bjørn André Bjørklund, Sjur Staveland Sæther og Hans Olav Molde.
Årets siste familieshow med Thoris Supergutt gjekk av stabelen kl 15:00 og satte punktum for underhaldninga i år.
Tusen takk til alle som tok turen til Kuleseidkanalen denne helga. Ei spesiell takk til alle frivillige som stiller opp. Takk til styringsgruppa som bruker heile året på planlegging, og arbeider nesten døgnet på tamp medan det står på.
No skal me rydde opp, gjere opp status, evaluere årets arrangement før me gir på med friskt mot og startar planlegging av Kanaldagane 2027. Me sjåast igjen 3. - 5. september 2027. Sett av datoen.

Kommentarer