Unngå billettsvindel
- for 9 timer siden
- 2 min lesing
Dei siste åra har me dessverre opplevd at me må avvise gjester i døra fordi billetten dei har kjøpt privat er falsk og/eller same billett er solgt til fleire personar.
Kanaldagane kan dessverre ikkje bistå med billettar som er kjøpt gjennom uoffisielle kanalar, men billettleverandøren vår har no implementert system for trygg billettoverføring.
Overføra billettar til ein annan person
Dersom ein annan person skal bruka billetten din, kan du enkelt overføra han direkte i Tikkio.
Når ein billett blir overført, flyttar ein eigarskapet til mottakaren. Mottakaren får billetten på sin eigen Tikkio-konto, medan den opphavlege billetten blir ugyldig.
Dette er den tryggaste måten å dela eller overføra billettar på, anten det gjeld vener, familie eller privat vidareforhandling.
Slik overfører du ein billett
Logg inn på Tikkio.
Gå til Billettar: https://tikkio.com/user/events
Vel arrangementet det gjeld.
Klikk Overfør på billetten du ønskjer å overføra.
Skriv inn e-postadressa til mottakaren.
Stadfest (eller: Bekreft) overføringa.
Mottakaren må godta overføringa før ho blir gjennomført.
Kva skjer når ein billett blir overført?
Når mottakaren godtek overføringa:
Billetten blir flytta til Tikkio-kontoen til mottakaren
Den opphavlege billetten blir ugyldig
Mottakaren får tilgang til sin eigen billett
Viktig å vita
Ein billett kan berre overførast éin gong.
Overføringa er ikkje fullført før mottakaren har godkjent ho.
Syt for at du oppgjev rett e-postadresse til mottakaren.
Kvifor bør eg bruka billettoverføring?
Billettoverføring er tryggare enn å senda PDF-billettar eller skjermbilete.
Fordelar med billettoverføring:
Mottakaren får billetten på sin eigen konto
Den opphavlege billetten blir ugyldig
Reduserer risikoen for misforståingar og feil bruk av billettar
Gjev tryggare kjøp og sal mellom privatpersonar
Ofte stilte spørsmål
Kan eg angra ei overføring?
Dersom mottakaren ikkje har godtatt overføringa enno, kan du avbryta ho via Billettar på https://tikkio.com/. Overføringa blir avbrote automatisk om ho ikkje blir godtatt innan 72 timar.
Må mottakaren ha ein Tikkio-konto?
Ja. Dersom mottakaren ikkje har ein konto frå før, blir vedkomande beden om å oppretta ein når overføringa blir godtatt.

Kommentarer