
SØK
54 resultater funnet med et tomt søk
- Utsolgt konsert med Gunslingers
Konsert og dans med Gunslingers og Rabbagast er utsolgt. Det vert fullt "hus" laurdagskvelden. Frykt likevel ikkje om du kjenner at det rykker i både dansefot og lattermusklar. Det er ledige billettar til Creedence Forever på fredag. Før konserten får me eit framifrå humorshow av Bergesen & Torget.
- Transport
07000 Bømlo opprettar haldeplass under Kanaldagane 2023 Etter konsert og dans både fredag og laurdag er det berre å opprette god kø-kultur oppe ved haldeplassen, så kjem 07000-bilane og kjører ein heim etter tur. For dei som skal til Kuleseidkanalen desse dagane kan det vere lurt å førehandstinga på telefon 07000, i appen 07000taxi eller på nett 07000.no/bomlo Skyss har også satt opp ein Trygt Heim maxitaxi. Dette er eit tilbod for ungdom opp til 21 år. Sjåføren tek ikkje kontant slik at billett må kjøpast i Skyss-appen.
- Ordførar Sammy Olsen opnar Kanaldagane 2023
Sammy Olsen er ordførar i Bømlo kommune og representerer Senterpartiet. Ordføraren står for den offisielle opninga av dei nittande Kanaldagane laurdag 2. september kl 11:45.
- Sjøfartsdirektøren måtte diverre avlyse i år
Diverre måtte Sjøfartsdirektør Hareide kansellere sitt besøk til Kanaldagane 2023, og kan difor ikkje forstå opninga slik som planlagt. Me beklagar dette og arbeidar med eit godt alternativ.
- Kunstutstilling
Hjelland Galleri og Rammeverkstad vil også i år ha kunstutstilling i bedehuset. Utstillinga held ope i Kanaldagane si ordinære opningstid. Du kan lese meir om galleriet på Opplev Bømlo sine nettsider. På galleriet finn ein mange bilde. Galleriet og rammeverkstaden har ope etter avtale på telefon og dei fleste torsdagar. Her kan ein også få ein drøs og info om lokal kulturhistorie.
- ABBA tribute show
Med Unni Hilt i spissen vert det igjen klart for trampeklapp og god stemning i Kanalen. Sist dei vitja Kanaldagane i 2017 kunne me lese i Bømlo-nytt at arrangøren måtte hente inn ekstra stolar for å få plass til alle som ynskte å oppleve showet. Unni Hilt og Hibbi Mannes syng ABBA-låtar på eit høgt nivå saman med eit fantasisk band. Du får møte: Unni Hilt, vokal Hibbi Mannes, vokal Johannes Støle, vokal, keys Rudolf Fredly, bass Jon Ørnes, gitar Svein Ragnar Myklebust, keys Dette vil du ikkje gå glipp av. Det vert ABBA tribute show under Kanaldagane 2023
- Gunslingers
Over 100 millionar Streams på Spotify har det blitt. Bandet jobbar med mykje nytt materiale og Gunslinger sin batteripakke er mildt sagt fullada. Gunslingers har vitja Kanaldagane før. Då rauk billettane ut alle som ein. Tør du vente før du sikrar deg din? Bandet har fått fele med som fast inventar. Gunslingers er idag det einaste Norske bandet som er komplett med fele, steel-gitar og telecaster. Det gjer det komplette Nashville soundet som kjenneteiknar høgkvalitets Countrymusikk. Alle som har vore på ein skikkelig Gunslingers konsert veit kva kjemi mellom scene og publikum som kan oppstå og som få, eller kansje ingen i landet klarar å konkurere mot. Utgivelsar : 2008 Norwegian Honky Tonk 2009 Ein Skål Te 2011 Viagra Biff og Bernaisesaus 2012 Live DVD og album frå Seljord Countryfestival 2013 Made In Norway 2015 Hashtag (single) 2016 Sommer 2017 3 Singler 2018 Hardanger 2020 Bukkejakt Trofe : 32-18 1 x Platina (singel) 32-18 Gull (singel) Viagra, biff og Bernaise Gull (singel) Viagra, biff og Bernaise 1 x platina (singel) Hardanger Gull (singel) Koffor kan ikkje eg Gull (singel) Hiakktreff på Osterøy Gull (singel) Frøken Gull (singel) Ein skål te Gull (album) Viagra, biff og Bernaise Album Gull (album) Hardanger Gull (album) Gunslingers kjem til Kanaldagane 2023
- Creedence Forever
Creedence Clearwater Revival er som Beatles, eit band ingen vert lei av! Idag, meir enn 50 år sidan bandet blei oppløyst, er musikken og songene til Creedence like populære; Have You Ever Seen The Rain, Proud Mary, Bad Moon Rising, Fortunate Son - er songer dei fleste har eit forhold til og som me nynner og syng med til når me høyrer dei. Med tribute bandet Creedence Forever har me gleda av å invitere til ein musikalsk festaften av dei sjeldne! Her får du høyre alle dine favorittlåtar pluss låtar fra Creedence sine meir ukjente blues- og progsider; Alt levert med ei innleving og snert som set seg i sjela. Dei siste åra har Creedence Forever markert seg som et av Noregs råaste og mest populære Creedence-tribute band. Frå hele Sør- og Vest-Norge vert det meldt om utsolgte hus og konserter med fantastisk stemning. Creedence Forever kjem til Kanaldagane 2023. Tekst og foto frå creedenceforever.no
- Magiske Melkevik
Kurt Inge Larsen er glad i heimbygda si. I 2016 laga han suksess-filmen «Melkevik gard på Bømlo - frå kommunesenter til turistmagnet». Seks år seinare kom boka «Magiske Melkevik». Her tar han lesaren med tilbake i tid, til Melkeviksbakkane på 1700-talet, til oldeforeldra Martha og Sjur Larsen, som kjøpte staden i 1882 og byrja etableringa av firma S.Larsen, ei bedrift som framleis er i drift; no i femte generasjon. I dette foredraget som er basert på boka fortel Kurt Inge Larsen om bygginga av den berømte Kulleseidkanalen, om korleis lokalsamfunnet har utvikla seg i dei 140 åra som er gått sidan Martha og Sjur slo seg ned på Melkevik. Han fortel om perioden Melkevik var politisk sentrum i kommunen, om legeordninga som kom, om tøffe krigsår, og etableringa av Kulleseidkanalen Gjestehamn med utviklinga den har hatt. Dette er Bømlohistorie – med basis i Finnåsområdet! Kurt Inge Larsen kjem til Kanaldagane 2023
- Bergesen & Torget
Duoen vitjar Kanaldagane 2023 på fredagskvelden og diskar opp med humor av beste klasse. Ole Bergesen er oppvaksen på Fitjar, har bakgrunn som industriarbeidar og hotellmann men er først og fremst ein glimrande revyskodespelar med ei rekkje framifrå rollekarakterar. Stuntpoeten Arne Torget kjenner me blant anna frå ei rekkje humoristiske, satiriske og fengjande dikt og fortellingar. Saman vil dei sjå til at alle får trimma lattermusklane sine også i år. Bergesen & Torget kjem til Kanaldagane 2023
- Rabbagast
Duoen frå Karmøy har laga liv under Kanaldagane meir enn ein gong og er nesten som tradisjon å rekne på laurdagskvelden. Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik er to humørspredarar som spelar den rette festmusikken med godt humør og speleglede. Dei har ei unik evne til å få opp stemninga og er difor ofte brukt som oppvarming til konsertar med artistar som Smokie, DDE eller Big Bang. Rabbagast kjem til Kanaldagane 2023.
- The Magic Man
Erling Solland gjer det umoglege mogleg gjennom spektakulære illusjonsnummer, eldsluking og trylling. Med ekte magi vert både fantasien og hjernevinningane sette i sving. Kanskje får ein frå publikum bli med som Erling sin assistent? Erling Solland har arbeida som profesjonell artist sidan 1983, og har vunnet ein rekke førsteprisar i både nasjonale og internasjonale meisterskap. Han har fem Noregs-turnear bak seg, fleire år som fast enterteiner på både Color-Line og Stena Saga samt langtidsengasjement i landets sine fremste familieparkar. Han har medvirka i ein rekke teaterproduksjonar og TV-program. Erling Solland arbeider og mykje for næringslivet. Han har trylla fram bilar ved billanseringar. Erling Solland har og laga spesialeffekter for film og teater. Me kan nemne Sigurd Drakedreper, Trollmannen fra Oz, Annie Get Your Gun, Jesus Christ Superstar, Operafantomet samt Cats i Stockholm og Solo. Erling Solland kjem til Kanaldagane 2023.