
SØK
63 resultater funnet med et tomt søk
- Unngå billettsvindel
Dei siste åra har me dessverre opplevd at me må avvise gjester i døra fordi billetten dei har kjøpt privat er falsk og/eller same billett er solgt til fleire personar. Kanaldagane kan dessverre ikkje bistå med billettar som er kjøpt gjennom uoffisielle kanalar, men billettleverandøren vår har no implementert system for trygg billettoverføring. Overføra billettar til ein annan person Dersom ein annan person skal bruka billetten din, kan du enkelt overføra han direkte i Tikkio. Når ein billett blir overført, flyttar ein eigarskapet til mottakaren. Mottakaren får billetten på sin eigen Tikkio-konto, medan den opphavlege billetten blir ugyldig. Dette er den tryggaste måten å dela eller overføra billettar på, anten det gjeld vener, familie eller privat vidareforhandling. Slik overfører du ein billett Logg inn på Tikkio. Gå til Billettar: https://tikkio.com/user/events Vel arrangementet det gjeld. Klikk Overfør på billetten du ønskjer å overføra. Skriv inn e-postadressa til mottakaren. Stadfest (eller: Bekreft) overføringa. Mottakaren må godta overføringa før ho blir gjennomført. Kva skjer når ein billett blir overført? Når mottakaren godtek overføringa: Billetten blir flytta til Tikkio-kontoen til mottakaren Den opphavlege billetten blir ugyldig Mottakaren får tilgang til sin eigen billett Viktig å vita Ein billett kan berre overførast éin gong. Overføringa er ikkje fullført før mottakaren har godkjent ho. Syt for at du oppgjev rett e-postadresse til mottakaren. Kvifor bør eg bruka billettoverføring? Billettoverføring er tryggare enn å senda PDF-billettar eller skjermbilete. Fordelar med billettoverføring: Mottakaren får billetten på sin eigen konto Den opphavlege billetten blir ugyldig Reduserer risikoen for misforståingar og feil bruk av billettar Gjev tryggare kjøp og sal mellom privatpersonar Ofte stilte spørsmål Kan eg angra ei overføring? Dersom mottakaren ikkje har godtatt overføringa enno, kan du avbryta ho via Billettar på https://tikkio.com/. Overføringa blir avbrote automatisk om ho ikkje blir godtatt innan 72 timar. Må mottakaren ha ein Tikkio-konto? Ja. Dersom mottakaren ikkje har ein konto frå før, blir vedkomande beden om å oppretta ein når overføringa blir godtatt.
- Thoris Supergutt kjem til Kanaldagane!
Klar for 20-årsjubileum og ellevill moro? Thoris Supergutt kjem til Kanaldagane! Gjer dykk klare til å hoppa, syngja, dansa og le når Thoris Supergutt inviterer heile familien til fest i festivalteltet søndag 7. september klokka 15:00! Er du klar for eit fartsfylt show fylt med masse energi og smittande glede? Thor Erling Gulbrandsen har i rolla som Thoris Supergutt laga show og konsertar for barn i alle aldrar i snart 20 år, og har opptredd for nesten ein halv million menneske. I år feirar han dette store 20-årsjubileet, og tek med seg det rykande ferske jubileumsshowet sitt til oss: «Det very beste av det aller beste». Målet til Thoris er enkelt: Han ønskjer at publikum skal bli gladare, og han inviterer alle med på leken og dansen. Bilete: Intromusic Kva kan du venta deg? Dette blir eit fartsfylt show der heile familien vil fryda seg. Thoris vekslar mellom elleville slapstick-stunt, positive bodskap og fengjande låtar som får alle med på notane. Publikum får oppleva: Dei beste sangane og dei mest morosame sketsjane frå ein 20 år lang karriere. Vågale stunt og elleville påfunn som garantert får fram latteren. Masse song, dans og leik der barna sjølve får vera aktive deltakarar. Eit herleg motto: Som Thoris sjølv seier det: «Å gå på trynet er jo bra, viss det kan gjere andre gla». Glade menneske gjer glade ting! Dette er eit inkluderande og morosamt show som treffer både store og små midt i hjartet. Dette tør du rett og slett ikkje å gå glipp av! Praktisk informasjon Kvar: Festivalteltet Når: Søndag 7. september kl. 15:00 Passar for: Barn i alle aldrar og resten av familien! Ta med deg heile familien og avslutt festivalhelga i Kuleseidkanalen med eit skikkeleg energikick og ein god latter!
- PK rocker verdsrommet på Kanaldagane!
Klar for eit astronomisk vitenshow? Gjer dykk klare for smell, flammar, røyk og fantastiske fakta når PK tek turen til festivalteltet laurdag 5. september klokka 13:00! Er du klar for tidenes kulaste reise ut i universet? PK, kjend frå den populære NRK Super-serien Barn ingen adgang og til dagleg formidlar ved INSPIRIA science center, kjem til Kanaldagane med suksess-showet sitt: «PK rocker verdensrommet!». Dette er eit heilt unikt vitenshow med astronomiske dimensjonar, spesielt tilpassa for nysgjerrige barn frå 6 år og oppover – men som garantert vil fenga heile familien! Bilete: Naturfag Rocker med PK Kva kan du venta deg? Her blir det alt anna enn kjedeleg tavleundervisning. PK blandar vitskapleg kunnskap med elleville eksperiment på ein måte som berre han kan. Publikum får oppleva: Rakettar og isvulkanar som skyt fart. Spektakulære bilete og unike videoar frå det store universet. Kunnskap og moro smelta saman i eksplosive vitskapsshow. Fantastiske fakta om månar, planetar og kva som eigentleg finst der ute i det mørke verdsrommet. Dette showet treffer blink som sola i solsystemet, og blandinga av fakta og elleville påfunn blir skildra som noko du absolutt ikkje kan gå glipp av! Praktisk informasjon Kvar: Festivalteltet Når: Laurdag 5. september kl. 13:00 Passar for: Barn frå 6 år og alle andre som elskar vitskap og spenning! Ta med deg ungane, besteforeldra eller vener og opplev ein laurdag fylt med gass, flammar og kosmiske opplevingar på Kanaldagane!
- Laurdagsstemning med Hilde Selvikvåg!
Jærens eigen pop-yndling inviterer til ein unik ettermiddagskonsert i Festivalteltet under Kanaldagane! Me har gleda av å sleppe nok ein fantastisk artist til årets program! Hilde Selvikvåg, som har bergtatt heile landet med sine varme melodiar og nære formidling, kjem for å setje sitt unike preg på festivalen. Dette blir ein laurdags ettermiddag fylt med gåsehud, varme og fengande pop-perler på ekte rogalandsdialekt – og det beste av alt? Konserten er sjølvsagt inkludert i dagspass og helgepass! Foto: Rune Soltvedt Nært, ope og stemningsfullt i dagslys Hilde Selvikvåg har gjort den klingande jærdialekten til sitt heilt eigne varemerke i norsk musikkliv. Sidan ho sjarmerte seg inn i musikkhjarta med sitt Spellemann-nominerte debutalbum, har låtane hennar gått i høg rotasjon på radioen. Dei siste åra har ho gjort enorm suksess med sine unike hagekonsertar, der ho speler i dagslys og kjem heilt tett på publikum. No tek ho med seg denne herlege, intime atmosfæren inn i festivalteltet – perfekt for ein magisk ettermiddag med god stemning for både store og små! Hitgaranti og allsong for heile familien Med kjempehits som «Karusell», «Indie», «Fryd» og låtar frå det rykande ferske albumet «Balansen», veit Hilde akkurat korleis ho skal treffe publikum. Musikkstilen hennar ligg i eit vakkert landskap av moderne pop og nære tekstar, der det er umogleg å ikkje la seg rive med. Me i Kanaldagane gler oss enormt til å fylle laurdagen med denne fantastiske vestlandskrafta, og me er sikre på at dette blir eit av festivalens absolutte høgdepunkt. Ingen separat billett – inkludert i inngangen! Kvar: Festivalteltet under Kanaldagane 2026 Når: Laurdag 5. september kl. 15:00 Billettar: Konserten er inkludert i dagspass/helgepass. Me gler oss – ta med venner og familie til ein ugløymande laurdags ettermiddag!
- Klart for folkefest
Vestaramp blir support for Stage Dolls under Kanaldagane! Me har gleda av å sleppe ein skikkeleg godbit til årets program! Når dei legendariske rockarane i Stage Dolls inntar scena under Kanaldagane, er det ingen ringare enn Haugalandets eigne hitmaskiner i Vestaramp som skal fyre opp stemninga på førehand. Dette blir ein kveld fylt med rå energi, allsong og ekte vestlandsk rockestemning! Foto: Vestaramp Frå mediastorm til fullt rockeband 💥 Vestaramp har vore gjennom ein spesiell og tøff reise den siste tida. Prosjektet starta opphavleg under namnet Vestavind, der fengande tekstar kombinert med KI-verktøy skaut bandet rett til topps på hitlistene. Men etter kraftig debatt og avbookingar i media, valde gjengen å snu motgangen til noko heilt unikt. Dei kasta datamaskinen, endra namnet til Vestaramp, og fekk med seg ein solid gjeng med lokale musikarar. No gjer dei låtane på den gamle, ekte måten – med fullt trøkk, svere trommer, tunge gitarriff og rå live-vokal rett frå studio. Eventyret held fram, og no er dei meir rampete og spelekåte enn nokon gong før! Bygderock og allsonggaranti 🤠🤟 Med hits som «I ein lastebil», «Cider fra Hardanger» og den rykande ferske «Ein ekta Don Johan», har Vestaramp vist at dei kan kunsten å lage fengande bygdemusikk i skjæringspunktet mellom rock, country og pop. Dei har allereie titusenvis av månadlege lyttarar på Spotify, og live på scena leverer dei ein energi som smittar frå første tone. Me i Kanaldagane heier på lokale krefter som tør å satse, og me er utruleg stolte over å gje dette fantastiske livebandet den plassen dei fortener på hovudscena vår. Gjer deg klar for ein legendarisk kveld! Når du blandar Vestaramps fengande allsong med Stage Dolls sine udødelege rockeklassikarar, ligg alt til rette for ein av dei råaste konsertkveldane i Kanaldagane si historie. Kvar: Festivalteltet under Kanaldagane 2026 Når: Laurdag 5. september kl 20:00 Billettar: Kjøp billettar på nettsida vår i dag! Me gler oss – dette vil du ikkje gå glipp av!
- Klar for tidenes rockefest på Kanaldagane?
Me har gleda av å presentere ingen ringare enn legendene i Stage Dolls til Kanaldagane 2026! Foto: Birgit Fostervold Sidan 1983 har Torstein Flakne og gjengen vore sjølve definisjonen på norsk kvalitetsrock. No kjem dei til Kulleseidkanalen for å fylle laurdagskvelden med magi, energi og dei største hitsa gjennom fire tiår. Har du ikkje sikra deg plass enno? Då er det på tide å vakne! Sjå føre deg 750 menneske som syng med for full hals til udødelege klassikarar som: ✨ «Love Don’t Bother Me» ✨ «Hard to Say Goodbye» ✨ «Soldier’s Gun» ✨ «Still in Love» Dette blir ein kveld for minneboka der tunge gitarriff møter dei mjukaste balladane. Stage Dolls er i toppform, og stemninga på Kanaldagane kjem til å få festivalteltet til å bule! 🎟 Ver rask – billettsalet er i gong! Sikre deg din billett no, og bli med på årets største rockehending på Bømlo. Me sjåast på Kanaldagane 2026!
- Takk for i år
Nok ein gong er Kanaldagane gjennomført, i år for 21. gong sidan oppstarten i 2002. Med strålande sol gjennom heile helga kan me ikkje anna enn å sei oss godt nøgd med årets arrangement. 3620 registrere besøkande var innom i løpet av helga. Takk til alle som tok turen til oss. 137 frivillige arbeida 752 timar i løpet av helga. Tusen takk til alle som ein for bidraget til å skape eit vellykka arrangement. Me har lov å vere stolte over oss sjølv og det me får til. No skal me rigge ned og deretter trekke pusten ei lita veke før me går igong med å planlegge Kanaldagane 2026. Takk til alle sponsorane våre, alle dei vèl 40 utstillarane og ikkje minst alle veteranbåtane som bidreg til å skape eit arrangement som fengjer både store og små.
- Parkering og shuttlebuss
Me ber om respekt for at parkeringa ved Joker Finnås og Finnås Auto er reservert kundeparkering. Besøkande, utstillarar og frivillige skal ikkje parkere her. Me har fleire gode og store parkeringsområder. Parkeringsvakter er på vakt under heile messa og rettleier deg kor det er ledig parkering. Føl instruksjonar frå desse. For å sikre god parkering for alle besøkande har me oppretta fjernparkering på Våge laurdag. Frå klokka 10:30 på laurdag og heilt til messa stenger, kjører me gratis shuttlebuss mellom parkering på Våge og messeområdet. Kjøreturen tar 3-4 minutt. Har du passasjerer med deg i bilen kan du jo sleppe desse av i avstigningssona før du kjører til Våge for parkering. Ein spaserer trygt og godt utanom vegen (sjå grøn stipla linje) dei få metrane ned på parkeringsplassen og under brua til messeinngongen. Følg skilting mot Våge og Våge Skule for å komme til parkeringa. Kjem du med større køyretøy slik som buss vert me veldig glad om du varslar oss på førehand slik at me kan legge til rette for dette.
- Trygt Heim
Skyss har også i 2025 satt opp ekstra Trygt Heim transport i samband med kveldsarrangementet til Kanaldagane. Trygt Heim er eit tilbod med nattavgangar i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass. Rute 1 via Grønnevik/Håvik 02:00 Kulleseidkanalen 02:17 Gassasundet - Korrespondanse med rute 554 til Moster 02:40 Rubbestadneset kai Rute 2 via Tormodsætre/Mæland 02:00 Kulleseidkanalen 02:25 Svortland terminal Rute 620 mot Langevåg (vanleg Trygt Heim rute) 02:55 Kulleseidkanalen 03:23 Langevåg
- Frivillig
No er korta i vaktplanen vår stokka om, og alle ubemanna vakter er lagt ut for plukking via Kanaldagane sine heimesider. Her kan du difor finne andre vakter og tidspunkt enn det som har vore tilgjengeleg for dei ulike laga. Eventuelt kan ein bla heilt ned til bunnteksten på nettsida vår og trykke på "Frivillig." Ein vel kva organisasjon ein ynskjer å representere, og det er denne som får betalinga for vakta. Me er kjempeglad for både medlemmer, foreldre og besteforeldre som bidrar. Om ein er 15 eller 50 spelar ingen rolle, ein klarar fint mange av oppgavene. Dei oppgåvene som krev 18-års aldersgrense er merka med dette.
- Makalaust
Makalaust er eit energisk band frå Etne som spelar ein unik miks av country, rock og pop med eit drivande lydbilete og gjenkjennelege tekstar. Med røtene sine djupt planta i den vestnorske tradisjonen, leverer dei musikk som både rører og får folk til å danse. Bandet er kjent for sine sjølvskrivne låtar og ei livleg sceneoppleving som garantert vil engasjere publikum. Makalaust møter du under Kanaldagane 2025, i festvalteltet laurdag kveld.
- Ausekarane
Humor, Vestlandsk kystkultur, Johannes Kleppevik... det er ikkje få ord som dukkar opp når ein tenker på Ausekarane. Det som er sikkert er at dette er show, moro, musikk og underhaldning som treff på heimebane hjå dei aller fleste. Ideen til dette prosjektet fekk Tor Endresen i 2003 etter eit nesten livslangt forhold til både mennesket Johannes Kleppevik og musikken han. Tor fekk mellom anna gjennom denne kontakten eit sterkt og nært forhold til Vestlandsk kystkultur. Han kontakta så Bjørn Jensen – som omgåande tende på ideen. Med bandet Ausekarane har duoen sett sitt preg på, og omarrangert både kjende og mindre kjende melodiar frå det rikhaldige repertoar etter ’trubaduren til kysten’. Dei har gjort med Kleppeviks musikk mykje av det same som Bruce Springsteen gjorde med eit utval av Pete Seegers viser, med prosjektet ”Seeger Sessions”. Ausekarane treff du under Kanaldagane 2025, i festivalteltet laurdag kveld.












