top of page
IMG_6320.JPG

SØK

57 resultater funnet med et tomt søk

  • Bergesen & Torget

    Duoen vitjar Kanaldagane 2023 på fredagskvelden og diskar opp med humor av beste klasse. Ole Bergesen er oppvaksen på Fitjar, har bakgrunn som industriarbeidar og hotellmann men er først og fremst ein glimrande revyskodespelar med ei rekkje framifrå rollekarakterar. Stuntpoeten Arne Torget kjenner me blant anna frå ei rekkje humoristiske, satiriske og fengjande dikt og fortellingar. Saman vil dei sjå til at alle får trimma lattermusklane sine også i år. Bergesen & Torget kjem til Kanaldagane 2023

  • Rabbagast

    Duoen frå Karmøy har laga liv under Kanaldagane meir enn ein gong og er nesten som tradisjon å rekne på laurdagskvelden. Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik er to humørspredarar som spelar den rette festmusikken med godt humør og speleglede. Dei har ei unik evne til å få opp stemninga og er difor ofte brukt som oppvarming til konsertar med artistar som Smokie, DDE eller Big Bang. Rabbagast kjem til Kanaldagane 2023.

  • The Magic Man

    Erling Solland gjer det umoglege mogleg gjennom spektakulære illusjonsnummer, eldsluking og trylling. Med ekte magi vert både fantasien og hjernevinningane sette i sving. Kanskje får ein frå publikum bli med som Erling sin assistent? Erling Solland har arbeida som profesjonell artist sidan 1983, og har vunnet ein rekke førsteprisar i både nasjonale og internasjonale meisterskap. Han har fem Noregs-turnear bak seg, fleire år som fast enterteiner på både Color-Line og Stena Saga samt langtidsengasjement i landets sine fremste familieparkar. Han har medvirka i ein rekke teaterproduksjonar og TV-program. Erling Solland arbeider og mykje for næringslivet. Han har trylla fram bilar ved billanseringar. Erling Solland har og laga spesialeffekter for film og teater. Me kan nemne Sigurd Drakedreper, Trollmannen fra Oz, Annie Get Your Gun, Jesus Christ Superstar, Operafantomet samt Cats i Stockholm og Solo. Erling Solland kjem til Kanaldagane 2023.

  • Humorshow med Roar Brekke

    I eit portrettintervju med Bergensavisen i 2018 var overskrifta «Pratemaskinen fra Odda.» Roar Brekke har godt over 20 års erfaring som standup-komikar og har trimma mange lattermusklar med sin treffande humor. Det vert eit knakande kjekt show denne fredagskvelden. Etter shower spelar Totalt50 opp til dans, så her kan kvelden nytast heilt til teltet stenger kl 01:00. Fredag 2. september kl 2030.

  • Tryllekunstnaren VirrVarr

    VirrVarr har drevet med trylling i snart 35 år. Han skapar ein svært god atmosfære frå scenen og showa hans er veldig artige og engasjerande for alle i salen. VirrVarr er ein av dei svært få som har underheldt på juletrefesten til det Konglige slott og han var den første tryllekunstner fra Norden som vart tatt ut til å trylla i VM for born (Blackpool, Wintergarden 2012). Trylleshowet som er sett av over 300.000 born til no, får alltid både born og vaksne til å le og kosa seg. Laurdag kl. 13.15 i teltet

  • Åsmund Åmli Band

    «Eg e kåt, eg e galen, eg e frå Setesdalen» er låten Åsmund Åmli Band er mest kjent for. Den låg 11 veker på Norsktoppen, og tre av dei på førsteplass. Bandet har seldt rundt 40000 album, samt blitt streama/lasta ned millionar av gonger i løpet av de 21 åra dei har haldt på. Musikkvideoeane deira har blitt vist utallige gonger på NRK – Svisj/You Tube etc. Det er likevel live-opptreden bandet er mest kjent for. Åsmund Åmli Band har spelt i dei fleste byar og avkrokar i Norge, og formidla speleglede, engasjement og show som går heim hos dei aller fleste i alle aldrar. Allsangfaktoren er høg når låtar som «Stomp og Vatn (Kåt og Galen)», «Påskerally på riksveg nr. 9» og «Eg e frå bygdinn» blir framført. Bandets motto er å alltid å setta publikum i høgsetet. I tillegg kjem Bent Stølås og Jan Inge Kvilhaugsvik frå Karmøy. Dei utgjer duoen «Rabbagast» og dei har ein eigen evne til å få god kontakt med publikum. Mange husker nok duoen frå tidlegare Kanaldagar der dei har laga ein fantastisk stemning i teltet. Dette blir party, dans og stor stemning, så ikkje vent for lenge med å kjøpa billett. Det er avgrensa plass i teltet. Dette arrangementet har skjenkerett og 18 års aldersgrense. Ein må kjøpa eigen billett til dette arrangementet, og det kan ein kun gjera på tikkio.com. Laurdag kl. 20.00 i teltet

  • Betalingsmåtar

    Både i billettbua og i teltet kan du nytte dei fleste typar elektronisk betaling, både kort og mobilbetaling. Me tek og kontant betaling. Vipps kan ikkje nyttast ved betaling til Kanaldagane. Hjå utstillarane er det ulike løysingar som me ikkje har oversikt over, men dei aller fleste tek imot kortbetaling eller Vipps i tillegg til kontant.

  • Takk for i år

    Kanaldagane 2022 vart ein suksess. Gode besøkstal, ekte bømlahaust med sol frå skyfri himmel, ei mengde flotte utstillarar og masse god underhaldning var med å skape ei fantastisk ramme rundt heile arrangementet. Tett opp på 3000 besøkande vitja oss denne helga. Det er me svært glade for. Tusen takk til alle frivillige som var med og drog lasset. Utan dåke hadde det ikkje blitt Kanaldagar. Styringsgruppa brettar no opp armane og startar planlegginga av Kanladagane 2023. Me gledar oss til å sjå deg der.

  • Overnatting

    Kjem du med telt, bubil eller båt er det gode overnattingsmoglegheiter hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn. Det er og private som tilbyr overnatting i området. Lenker til overnattingsaktørar: Kulleseidkanalen Gjestehamn Airbnb

bottom of page