
SØK
57 resultater funnet med et tomt søk
- Endringar i årets messe
Me har gjort nokre endringar i årets messe for å skape ei betre oppleving for publikum. Ei av endringane me har gjort er å flytte utstillingane som tidligare stod langs kanalbreidda og sperra mykje av innsynet til alle dei flotte båtane bort på kaien ved gjestehamna. Årets område er difor større enn tidlegare og går heilt frå den raude hallen der det er innandørs utstillingar, og heilt bort til gjestehamna. Me har og oppretta fjernparkering på Våge. Det går gratis shuttlebuss mellom Våge og Kuleseidkanalen heile laurdagen. Innsleppet er endra med separat billettkjøp og veksling til armband slik at køen vert avvikla meir effektivt. Billetten byter du i armband i det blå teltet ved inngangen. Vegen langsmed bakken er utvida slik at det vert mindre trengsel her. Håpar du likar endringane me har gjort. Nyt dagen i og ved Kuleseidkanalen.
- Me er i gong!
Kanaldagane 2024 er i gong. Vèret har tørka opp, metorologane lovar lettskya fint vèr gjennom heile helga, ja til og med periodar med skyfri himmel, utstillarane er på plass og me er klare for å ta imot publikum. Me har 39 ulike utstillarar på messa, og 10 flotte veteranbåtar ligg fortøyd langs kanalbreidda. Me har show, underhalding, konsertar og gudsteneste på menyen. Her finn du noko både for dei minste, dei mellomste og dei største. Våre 149 frivillige skal utføre 845 timar arbeid fordelt på 259 ulike vakter. Dette i tillegg til styringsgruppa som har planlagt arrangementet heilt sidan oktober i fjor, og som jobbar bortimot dag og natt gjennom helga for å halde flyt på billettar, betaling, straumtilførsel, standplassering, veteranbåtar, parkering og alt anna som må til for at arrangementet skal bli vellykka. På toppen kjem innleigde sanitetsvakter og sikkerhetsvakter. Kanaldagane vert drive av 6 frivillige lag og organisasjonar. Heile overskotet frå Kanaldagane går tilbake til desse og er eit viktig bidrag for at desse kan skape aktivitet for born og vaksne gjennom heile året. I kveld kan du oppleve show og dans med den originale duoen til Synth å Le. Me har masse plass og er klare for å treffe deg i kveld. Har du enno ikkje kjøpt billett på nett er det og mogleg å gjere dette i billettbua eller i inngongen. Laurdag har me masse fint på programmet. Sjekk det ut på nettsida. I morgon kveld møter me Ingenting i festivalteltet. Her byrjar det så smått å minke på billettane så ikkje vent for lenge om du vil sikre deg. Søndag startar me med gudsteneste, før det vert fleire flotte konsertar å oppleve. Hjertelig velkommen til Kanaldagane 2024!
- Billettbua opnar fredag 11:30
Har du planar om å unngå billettkøen, eller vil du vere tidleg ute for å byte billetten din i armband? Me opnar billettbua allereie kl 11:30 på fredag. Alle som kjøper billett, har sponsorpass eller har kjøpt helgepass på nettsida må byte billetten i armband for å komme inn på messeområdet. Dette er og mogleg å få gjort allereie frå klokka 11:30 på fredag. Skifte fra billett til armband skjer i det blå teltet ved messeinngangen. Vil du unngå heile billettkøen kan du kjøpe helgepass på nettsida vår. Programmet for helga, billettar til kveldsarrangement, oversikt over utstillarar, praktisk info og alt anna du treng vete om Kanaldagane finn du på nettsida. I følge yr.no tørkar været opp akuratt i tide til messa opnar. Dette blir bra. Me gledar oss til å ta imot deg!
- Trygt Heim
Det er satt opp Trygt Heim buss natt til søndag i samband med Ingenting konserten. Trygt heim er eit tilbod med nattavgangar i distrikta for deg mellom 16 og 24 år. Andre reisande kan nytte tilbodet dersom det er ledig plass. Billett til konserten kjøper du på nettsida vår 07000 Bømlo etablerer drosjehaldeplass og stiller med god kapasitet.
- Reise til og frå Bømlo natt til søndag
Ei vedlikehaldsvogn på berekabelen til Bømlabrua skal løftast ned. Brua vert difor stengt frå klokka 23.00 den 31. august, til klokka 06.00 den 1. september. Det blir omkøyring via ferjesambandet Langevåg – Buavåg. Skyss.no - Avvik i kollektivtrafikken Operasjonen er vêrsensitiv som betyr at det ikkje kan vere nedbør eller vind over 8-10 m/s. Skulle vêret endre seg ut frå det som er meldt, vil operasjonen kunne bli utsatt melder Vestland fylkeskommune.
- Informasjon til utstillarar
Me har no sendt ut informasjon til alle utstillarane våre med beskrivelse av status på utstillinga, tildelt plass med meir. Har du ikkje mottatt e-posten kan det vere lurt å sjekke om den har havna i spam-mailen. Det skjer dessverre av og til. Me gledar oss stort til å ta imot både utstillarar og publikum til Kanaldagane 2024.
- Hoppeslott for dei yngre
Hoppeslott er populært under Kanaldagane. I år kan du legge alle 20-kroningane igjen heime. Hoppeslott er i år inkludert i messepasset. Me har sjølvsagt eigne trivselsvakter på plass så lenge hoppeslottet er ope.
- Billettar - Spørsmål og svar
Korleis kjøper eg billett til Kanaldagane? Messepass kjøper du i billettbua ved inngongen. Du finn prislista på nettsida. Du kan og kjøpe helgepass på nett og gå rett forbi billettkøen. Kvitteringen du får i billettbua tar du med til inngangsteltet for å få påsatt armband som er ditt bevis på gyldig inngang. Kveldsarrangementa har separate billettar med førehandssalg på nett. Du kan og kjøpe billett til kveldsarrangement ved inngongen etter at arrangementet er starta, men ver merksam på begrensa plass og at det dermed kan bli utsolgt. Eg har kjøpt helgepass på nett. Korleis får eg tak i armband for å komme inn på messeområdet? Du kan spasere fint forbi billettkøen og henvende deg i inngangsteltet der billetten din blir bytta i armband. Ha klar QR koden du fekk når du kjøpte billetten, denne må me scanne for å verifisere billetten din. Eg har kjøpt plass til båt/bubil/telt hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn. Inkluderer dette inngong til Kanaldagane sitt messeområde? Nei, du må kjøpe messepass til Kanaldagane i tillegg til overnattinga hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn. Eg skal overnatte med bubil eller båt hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn. Treng eg billett til Kanaldagane i tillegg sjølv om eg ikkje skal på messa? Ja. Kulleseidkanalen Gjestehamn og Kanaldagane samarbeidar tett om arrangementet, og denne helga er forbeholdt gjester som skal vitje Kanaldagane. Det er separat booking hjå Kulleseidkanalen Gjestehamn for denne helga, og du blir opplyst at billett til Kanaldagane må løysast i tillegg. Eg har kjøpt helgepass. Kjem eg inn på kveldsarrangementa med dette Nei, kveldsarrangementa har eigne billettar. Merk at både Kanaldagane og Kulleseidkanalen Gjestehamn har kveldsarrangement med separate billettar. Eg har kjøpt billett til Kanaldagane sitt kveldsarrangement. Kjem eg inn på arrangementet til Kulleseidkanalen Gjestehamn med dette? Nei, Kanaldagane og Kulleseidkanalen Gjestehamn har separate arrangement som krev kvar sin billett. Eg er fylgje for ein funksjonsnedsett person. Må eg kjøpe eigen billett for å komme inn på messeområdet? Nei, om du har fylgjeprov treng du ikkje eigen billett, men må registrere deg som besøkande i billettbua.
- Korleis reise til Kanaldagane
Ein kan reise både med båt og bil til Kuleseidkanalen. Køyrer ein bil så kjør E39 til Føyno. Ta av til Bømlo og kjør ca 20 min mot Langevåg. Båtvegen er enda enklare, set kursen mot Kuleseidkanalen på Bømlo. Bruk sjøkart nr 19. Taxi 0700 Bømlo opprettar haldeplass rett utanfor festivalområdet både på dagtid og kveldstid. Bestill direkte på haldeplassen eller via app/ nettside
- Endring i programmet
Grunna sjokdom utgår dessverre Kystsonglaget frå årets program. Men frykt ikkje, me har sikra oss ein erstatning som vil garantere at både lattermusklane og dansefoten får trimma seg på fredagskvelden. Kurt M. Johansen kjem som planlagt. I tillegg kjem Bent Stølås som mange Kanaldagarar kjenner frå før. Saman utgjer dei duoen Synth å Le. Me kan love gøy med desse gutane. Dei har lang erfaring frå humorfestivalar, ombord på cruisebåtar, på oljeplattformer i Nordsjøen, på eigne show og saman med andre kjente artistar. Lattershow, underhaldning og dansemusikk. Med Synth å Le får du alt.
- Synth å Le
Lattershow, underhaldning og dansemusikk. Med Synth å Le får du alt. Me kan love gøy med desse gutane. Dei har lang erfaring frå humorfestivalar, ombord på cruisebåtar, på oljeplattformer i Nordsjøen, på eigne show og saman med andre kjente artistar. Synth å Le består av Kurt M. Johansen og Bent Stølås. Kurt er ny på Kanaldagane medan Bent har skapa stemning i teltet vårt mange ganger før. Me gledar oss til å sjå duoen i aksjon. Det startar med humorshow og deretter dansemusikk ut i dei seine nattetimar.
- Ingebjørg Andrea Ådnanes
Søndag 1. september 2024 får du oppleve Ingebjørg Andrea Ådnanes i festivalteltet under Kanaldagane 2024 Ingebjørg Andrea er fødd og oppvaksen på Karmøy, men har budd på Bømlo i meir enn 10 år. Ho har deltatt i fleire musikkrelaterte TV-show, og siste var til knockout runden i "The Voice 2021" med Matoma som mentor. Ingebjørg Andrea har eigne sangprosjekt, men har og vore korist for fleire kjente artistar. Målsetjing for konsertane er å nå alle typar menneske i alle aldrar, og er innom fleire ulike sjangerar. Om du ynskjer å bli betre kjent med ho kan du sjå intervju med den kjende programleiaren Egil Svartadahl i "Plussprat" på YouTube. Til konserten under Kanaldagane 2024 har ho med seg gitarist Petter Michaelsen.










