top of page
IMG_6320.JPG

SØK

35 elementer funnet for «»

  • Våge Skulemusikklag

    Tradisjon tru spelar Våge Skulemusikklag opp under Kanaldagane også i år. Korpset har sitt utspring frå Våge skulekrins og er eit aktivt korps som deltar i konkurransar, og gjennomfører speleoppdrag og konsertar heile året. Våge Skulemusikklag blei stifta i 1972 og har sidan den gong vore ein viktig del av det lokale musikkmiljøet. Å spela i korps er ein positiv aktivitet for born og unge. Det er ein arena der både musikalske og menneskelege eigenskapar blir utvikla. Det handlar om samspel på fleire områder, der alle er like viktige for eit godt sluttresultat. Skulemusikklaget har ingen reservebenk, her er alle på banen saman og samtidig, uavhengig av alder, kjønn og sosiale parameter. Våge Skulemusikklag rekrutterar hovedsakeleg medlemmar frå Våge skulekrins. Gjennom samarbeid med skulane i området gjev korpset barn og unge moglegheit til å læra å spela eit instrument og bli ein del av eit fellesskap som deler deira lidenskap for musikk. Korpset ynskjer alltid velkommen nye talent og legg stor vekt på inkludering og mangfald. Våge Skulemusikklag høyrer du under Kanaldagane 2024.

  • Verjeskjema

    Person under 18 kan, dersom våre reglar for dette vert fylgd, delta på konsertar i regi av Kanaldagane der aldersgrensa er 18 år. For å komme inn på arrangementet må ein ha billett, vere i fylgje med verje og ha med ferdig utfyllt verjeskjema og legitimasjon som må framvisast til ordensvakt og billettvakt ved inngongen. Korkje verjehavar (umyndig person) eller verje kan vere påverka av rusmidlar eller nyte alkoholhaldige drikker i samband med arrangementet. Brot på reglande kan medføra utestengelse frå framtidige arrangement for både verjehavar og verje.

  • Endringar Kanaldagane 2024

    I år prøver me oss på noko nytt. Så langt det lar seg gjere vil me ikkje ha utstillingar yttst langs kanalkanten, slik at alle dei flotte skøytene som besøker oss kjem betre fram. Me utvidar vegen langs bakken for å lage meir plass (og mindre trengsel) og me får nytte kaien til gjestehamna til utstillingar. Med dette får me spreidd Kanaldagane over eit større område, og forhåpentlegvis vert det enklare for alle å ta seg fram på messa. Me arbeider og med løysingar for å betre parkeringstilhøva. Dette vil me informere om litt seinare. Heimesida vår er alltid oppdatert med båtar som er bekrefta å vitje oss, desse finn du i menyen utstillarar.

  • Ny varehenger

    Skal Kanaldagane byrje i transportbransjen? For kva i all verden driv alle folka i Kanaldagane med resten av året? Kanaldagane vert drive av 6 frivillige organisasjonar med tilknytning til bygda. Når me ikkje arrangerer Kanaldagane driv me med dykking, korps, fotball, fiskefestival, barneaktivitetar, andakt og mykje anna. Overskotet frå Kanaldagane går kvart år tilbake til desse 6 organisasjonane og er eit viktig bidrag til det frivillige arbeidet i bygda. Me skal nok halde oss til å drive salgs- og underhaldningsmesse i og ved Kuleseidkanalen som før. Det er store mengder utstyr som skal på plass, og ikkje minst lagrast kvart år. Det er telt, fordelingssentralar, kablar, koppar, tallerkar, sambandasutstyr og mykje anna. Til no har dette vore lagra litt rundt omring i naust og loft og andre plassar. Med god økonomisk stønad frå Sparebanken Vest har me investert i ein nesten ny skaphengar som me skal nytte til å lagre utstyr i, samt enkelt få dette på plass under rigging, og vekk igjen når me riggar ned. Dette vil gjere det litt enklare for alle våre frivillige som deltar på rigging.

  • Inge Halstensen

    Halstensen er kjent for mange som samfunnsbyggar, fiskar, skipsreiar, lærar og politikar. Halstensen har engasjert seg som forvalter av handelsstaden Bekkjarvik og for bevaring av kystkulturen. Han vart i 2013 utnevnt til æresmedlem av Norges Fiskarlag, og fekk i 2018 tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt virke. Under Kanaldagane 2024 vil Halstensen halde foredrag om fiske i nyare tid og framtidsutsiktene for fiskeri i Norge.

  • Åsmund Nesse

    Åsmund Nesse er ein artist som skriv songar på kav bømlamål. Han har gitt ut to album, Lysning (2015), og Viser frå Vesterland (2017). For tida er visesongaren i godt driv med å skriva nye låtar til sitt tredje album, og fleire av desse er allereie slopne ut som singlar. Det er bra med spenn i den musikalske bogen til Nesse, frå dei vare og inderlege viser, til dei meir fyrige med driv. På det lyriske plan; skjemt og alvor i ei salig blanding. Åsmund gler seg til å opptre under Kanaldagane 2024

  • Captain Frodo's magiske sirkus

    Captain Frodo's magiske sirkus er ei forrykande festleg framsyning for heile familien. Det er magi og sirkus i skjønn foreining kokt saman med god gammaldags tivolimoro slik at born hyler av begeistring medan vaksne tørkar tårer av latter. Presentert av ein verdsartist som har opptrett for Kong Charles av England, Dronning Margrete av Danmark og på Operahuset i Sydney. Dette er underhaldning av høgaste klasse for folk og born i alle aldrar. Captain Frodo er Noregs best bevarte underhaldningsløyndom. Etter 25 år i Australia, London og Las Vegas gleiar han seg til ei uforgløymelig oppleving under Kanaldagane 2024.

  • Endresens

    Tor Endresen og eldstedatter Anne-Sophie har begge alltid hatt ein stor dragnad til countrymusikken. Her får me både kjente og dansbare coverlåtar, eiga Olivia Newton-John tribute og låtar frå Endresens eigne utgjevingar. Endresens har i livesamanheng vist seg å vera eit svært engasjerande prosjekt kor publikum får servert noko av det mest framifrå countrymusikken har å by på. Endresens høyrer du på Kanaldagane 2024.

  • Earlybird billettar

    50 Earlybird billettar ligg for sal fram til 1. april. Tør du vente? Konsert med Ingenting, standupshow med Kurt Johansen, tramping og tralling med Kystsonglaget og ikkje minst country, dans og allsong med Splint. Alt i same billett.

  • Splint

    Bandet er kjenneteikna som bandet med det gode humøret og det allsidige repetoaret, kor det å skape god stemning blant publikum er ei sjølvfølgje. Splint er eit band som dei siste åra har turnert heftig og fått svært rosande omtalar. Bandet har dei siste åra spelt på mange store festivalar, og har eit repetoar av både country, dans og allsong. Alle som har hatt gleda av å oppleve Splint veit kva dei er gode for og gutane i Splint er kjent for å gje 100% kvar gong dei står på scena. Splint vart etablert i 2012 og består av dyktige musikarar som saman og kvar for seg har long erfaring frå andre band, studioprosjekt og som backing frå andre artistar. Splint kjem til Kanaldagane 2024 og spelar som supportband for Ingenting på laurdagskvelden.

  • Ingenting

    Det legendariske rockebandet Ingenting vart starta på Austrått i Sandnes allereie i 1989. Bandet held stadig koken, og det skjer mykje spanande rundt dei. Det er tydelege teikn på at ei ny "Ingenting-bølge" er i ferd med å byggje seg opp blant yngre generasjonar, i tillegg til den allereie trufaste fanskaren gjennom snart 35 år. Publikum elskar dei, mykje takka være at dei er eit særdeles velspelande liveband som berre aldri gir seg. Ingenting spelar for fulle hus gong på gong, og allsongen og festhumøret er 100% garantert. Dei leverer alltid klassikarar som "Liden," "Hiv-positiv," "Gje faen i det" og "Salg i dag." Ingenting er hovudkveldsattraksjonen under Kanaldagane 2024. Gled deg!

  • Kystsonglaget

    Kystsonglaget er ein trio med fokus på den varme kystnære musikken med røter og tradisjon forankra langs kysten av landet vårt. Repertoaret deira består mellom anna av gode gamle slagerar frå artistar som Johannes Kleppevik, Ivar Medaas og Salhuskvintetten. Dei har også songar frå andre sida av Nordsjøen på lur. Kystsonglaget gler seg til å trampa og tralla i teltet under årets Kanaldagar. Kystsonglaget er Geir Ersland - song, skrøner og mandolin Hans-Olav Molde - song, gitar samt tramp og trall Åsmund Nesse - song, kontrabass Du høyrer Kystsonglaget under Kanaldagane 2024

bottom of page