
SØK
54 resultater funnet med et tomt søk
- Endringar Kanaldagane 2024
I år prøver me oss på noko nytt. Så langt det lar seg gjere vil me ikkje ha utstillingar yttst langs kanalkanten, slik at alle dei flotte skøytene som besøker oss kjem betre fram. Me utvidar vegen langs bakken for å lage meir plass (og mindre trengsel) og me får nytte kaien til gjestehamna til utstillingar. Med dette får me spreidd Kanaldagane over eit større område, og forhåpentlegvis vert det enklare for alle å ta seg fram på messa. Me arbeider og med løysingar for å betre parkeringstilhøva. Dette vil me informere om litt seinare. Heimesida vår er alltid oppdatert med båtar som er bekrefta å vitje oss, desse finn du i menyen utstillarar.
- Ny varehenger
Skal Kanaldagane byrje i transportbransjen? For kva i all verden driv alle folka i Kanaldagane med resten av året? Kanaldagane vert drive av 6 frivillige organisasjonar med tilknytning til bygda. Når me ikkje arrangerer Kanaldagane driv me med dykking, korps, fotball, fiskefestival, barneaktivitetar, andakt og mykje anna. Overskotet frå Kanaldagane går kvart år tilbake til desse 6 organisasjonane og er eit viktig bidrag til det frivillige arbeidet i bygda. Me skal nok halde oss til å drive salgs- og underhaldningsmesse i og ved Kuleseidkanalen som før. Det er store mengder utstyr som skal på plass, og ikkje minst lagrast kvart år. Det er telt, fordelingssentralar, kablar, koppar, tallerkar, sambandasutstyr og mykje anna. Til no har dette vore lagra litt rundt omring i naust og loft og andre plassar. Med god økonomisk stønad frå Sparebanken Vest har me investert i ein nesten ny skaphengar som me skal nytte til å lagre utstyr i, samt enkelt få dette på plass under rigging, og vekk igjen når me riggar ned. Dette vil gjere det litt enklare for alle våre frivillige som deltar på rigging.
- Inge Halstensen
Halstensen er kjent for mange som samfunnsbyggar, fiskar, skipsreiar, lærar og politikar. Halstensen har engasjert seg som forvalter av handelsstaden Bekkjarvik og for bevaring av kystkulturen. Han vart i 2013 utnevnt til æresmedlem av Norges Fiskarlag, og fekk i 2018 tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt virke. Under Kanaldagane 2024 vil Halstensen halde foredrag om fiske i nyare tid og framtidsutsiktene for fiskeri i Norge.
- Åsmund Nesse
Åsmund Nesse er ein artist som skriv songar på kav bømlamål. Han har gitt ut to album, Lysning (2015), og Viser frå Vesterland (2017). For tida er visesongaren i godt driv med å skriva nye låtar til sitt tredje album, og fleire av desse er allereie slopne ut som singlar. Det er bra med spenn i den musikalske bogen til Nesse, frå dei vare og inderlege viser, til dei meir fyrige med driv. På det lyriske plan; skjemt og alvor i ei salig blanding. Åsmund gler seg til å opptre under Kanaldagane 2024
- Captain Frodo's magiske sirkus
Captain Frodo's magiske sirkus er ei forrykande festleg framsyning for heile familien. Det er magi og sirkus i skjønn foreining kokt saman med god gammaldags tivolimoro slik at born hyler av begeistring medan vaksne tørkar tårer av latter. Presentert av ein verdsartist som har opptrett for Kong Charles av England, Dronning Margrete av Danmark og på Operahuset i Sydney. Dette er underhaldning av høgaste klasse for folk og born i alle aldrar. Captain Frodo er Noregs best bevarte underhaldningsløyndom. Etter 25 år i Australia, London og Las Vegas gleiar han seg til ei uforgløymelig oppleving under Kanaldagane 2024.
- Endresens
Tor Endresen og eldstedatter Anne-Sophie har begge alltid hatt ein stor dragnad til countrymusikken. Her får me både kjente og dansbare coverlåtar, eiga Olivia Newton-John tribute og låtar frå Endresens eigne utgjevingar. Endresens har i livesamanheng vist seg å vera eit svært engasjerande prosjekt kor publikum får servert noko av det mest framifrå countrymusikken har å by på. Endresens høyrer du på Kanaldagane 2024.
- Earlybird billettar
50 Earlybird billettar ligg for sal fram til 1. april. Tør du vente? Konsert med Ingenting, standupshow med Kurt Johansen, tramping og tralling med Kystsonglaget og ikkje minst country, dans og allsong med Splint. Alt i same billett.
- Splint
Bandet er kjenneteikna som bandet med det gode humøret og det allsidige repetoaret, kor det å skape god stemning blant publikum er ei sjølvfølgje. Splint er eit band som dei siste åra har turnert heftig og fått svært rosande omtalar. Bandet har dei siste åra spelt på mange store festivalar, og har eit repetoar av både country, dans og allsong. Alle som har hatt gleda av å oppleve Splint veit kva dei er gode for og gutane i Splint er kjent for å gje 100% kvar gong dei står på scena. Splint vart etablert i 2012 og består av dyktige musikarar som saman og kvar for seg har long erfaring frå andre band, studioprosjekt og som backing frå andre artistar. Splint kjem til Kanaldagane 2024 og spelar som supportband for Ingenting på laurdagskvelden.
- Ingenting
Det legendariske rockebandet Ingenting vart starta på Austrått i Sandnes allereie i 1989. Bandet held stadig koken, og det skjer mykje spanande rundt dei. Det er tydelege teikn på at ei ny "Ingenting-bølge" er i ferd med å byggje seg opp blant yngre generasjonar, i tillegg til den allereie trufaste fanskaren gjennom snart 35 år. Publikum elskar dei, mykje takka være at dei er eit særdeles velspelande liveband som berre aldri gir seg. Ingenting spelar for fulle hus gong på gong, og allsongen og festhumøret er 100% garantert. Dei leverer alltid klassikarar som "Liden," "Hiv-positiv," "Gje faen i det" og "Salg i dag." Ingenting er hovudkveldsattraksjonen under Kanaldagane 2024. Gled deg!
- Me er klare!
I morgon, onsdag 28.02.2024, brakar det laus med presentasjon av kveldsunderhaldninga under Kanaldagane 2024. Me gledar oss enormt og håpar du gjer det same. Kl 12:00 presenterer me første innslag av fredagsunderhaldninga. Kl 14:00 presenterer me musikkunderhaldning på fredagskvelden. Kl 18:00 presenterer me hovudattraksjonen laurdagskvelden. Kl 19:00 presenterer me supportband for laurdagskvelden. Kl 19:00 opnar me og billettsalet, inkludert 50 earlybird billettar som inkluderer både fredag- og laurdagskvelden. Føl med på nettsida vår!
- Kanaldagane 2024
Kanaldagane vert arrangert for 20. gong i helga 30. august til 1. september. Vinteren held enno godt tak på Bømlingane, men styringsgruppa i Kanaldagane ligg ikkje i dvale av den grunn. Me er godt i gong med planlegging av årets arrangement, og fredag 9. februar startar me presentasjon av årets program og underhaldning. Her vil det bli ei fin blanding av tradisjonar og heilt ny underhaldning som ein aldri før har fått oppleve under Kanaldagane. Me gledar oss til å starte presentasjonen. Så snart artistane er presentert opnar billettsalet. Me har opplevd utsolgte førestellingar fleire gonger dei siste åra, så her er det ingen grunn til å vente om ein vil sikre seg plass til årets kjekkaste seinsommararrangement. Følg med!
- Takk for i år
Kanaldagane 2023 er overstått. Utstillarane er reist og festivalteltet er pakka ned. Tilbake ligg Kuleseidkanalen like idyllisk og vakker som alltid. Heile 228 meter med utstilling var å finne langs kanalen denne helga. Rundt 3000 besøkande, rekordbesøk på fredagsdansen og utsolgt på laurdagsdansen vart fasiten. Det går med omtrent 1000 dugnadstimar for å arrangere Kanaldagane. Rundt 600 av desse vert utført under sjølve arrangementet. I tillegg kjem innleigde sikringsvakter frå PSS Securitas og førstehjelp frå Bømlo Røde Kors. Visste du forresten at heile overskotet frå Kanaldagane vert fordelt til dei frivillige laga som er med å arrangerer Kanaldagane? Sjølv om Kanaldagane kun er ei helg i året er det difor eit viktig arrangement som bidreg til det frivillige organisasjonslivet rundt oss, året rundt. Me seier oss særs nøgde med årets arrangement og vil takke alle som tok turen, alle utstillarane og ikkje minst alle frivillige som stiller opp år etter år. I karusellen under finn du eit knippe bilete frå årets arrangement Me sjåast til neste år!